1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Det hender me får ros og tilbakemeldingar frå dykk nettsidelesarar. Her ein dag fekk me ei artig melding frå ein ny lesar; Svein Hauge, oppvaksen på Jøsneset i etterkrigsåra, nå busett på Notodden.

Han har tydelegvis ikkje gløymd barndommen på Jøsneset, for han samanliknar nettsida vår med ei hending frå den gong, samanfatta slik:

"Heimesida josneset.no er ei interessant nyoppdaging for meg. Du verden så fin og flott heimeside med historiske og nåtidige hendingar. Eg syns sida er like treffsikker som ho Olga var, då ho ein gong i steinalderen mjøka varm kumjølk rett frå spene og inn i munnen min - det meste gjekk inn!!

Og Olga var altså hans eldre søskenbarn, Olga Hjorteland. Me takkar for den treffande kommentaren, og tolkar det slik at det meste av lesestoffet frå sida vår òg går rett inn innSmile.

Me set svært pris på tilbakemeldingar, tips og idèar - og veldig gøy å høyre frå utvandra Jøsnesbuar. Kor blei dykk av? Kva gjer de? Synspunkt utenfrå på Jøsneset og det som skjer her nå til dags?  Me tek gjerne imot stoff om og frå dykk òg. JØSNES-SIDA er for alle med røter og tilknyting til Jøsneset; fastbuande, utvandra, fraflytta, ungdom og hyttefolk. Sida der ingenting er for smått. Send gjerne tips til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

 

FaceBook
Facebook