Nytt frå Strandbuen
- Øyvind satsar stort i Bergen og ventar fleire 1000 gjestar – nå blir broren med på eventyret
- Stillehavsøstersen finnes flere steder i Ryfylke – men søkelyset er på en annen uønsket art
- Kom seg unna da båten tok fyr
- Ommund gleder seg til en travel sommer: – Det er en veldig kjekk arbeidsplass
- Mattilsynet: – Ikke spis!
Siste nytt
Infomøte om oppdrettsanlegget på Fosså
Mowi inviterer alle i bygda til informasjons- og dialogmøte torsdag 25. november kl 18-19.30.
Møtet blir på Grendahuset.
Referat møte i bygdarådet 8.11.2021
Det var mange saker på saklista då bygdarådet hadde møte tidligare i november.
Du kan lese referatet her.
Ta gjerne kontakt dersom du har kommentarar til kaiområdet på Nesvik, Jøsnesposten eller andre ting!
Jøsneset boksirkel søkjer nye leseløver
Er du ei leseløve ? Eller har lyst å lese eller lytte til meir bøker og diskutere de med andre ? Då er du velkommen i Jøsneset Boksirkel, som er ....
Les om Sebastian i Strandbuen
Lokalavisa STRANDBUEN har eit koseleg intervju med platedebutant Sebastian Altamirano frå Nesvik. Ja, me har jo hørt Sebastian sitt flotte gitarspel frå scena på Jøsneset skule, og i åra som har gått har han fortsatt med musikk ! Strandbuen-artikkelen er for abonnentar; så er du ikkje abonnent kan du lese artikkelen i papirutgåva som kjem denne veka ! Gratulerar til Sebastian, som forresten ofte er smilande å sjå på jobb på Extra-butikken på Hjelmeland. Foto: Magnar Riveland, Strandbuen
Ryfylkepuls - kjekke innslag frå Hjelmeland
Her har de siste nytt om kva som rører på seg i Hjelmeland for tida: Ryfylkealliansen si RyfylkePuls-sending er denne gongen frå Hjelmeland. Undervegs i sendinga kjem òg eit triveleg innslag frå Jøsneset, nærare bestemt frå Mikals Laks.
Norgesmeister Tania !
Jøsnesjenta Tania Yu Auglend gjer det stort igjen ! Saman med klubbkamerat Kristian Gjersvold tok ho GULL I NM i klassisk sparring Teakwondo under meisterskapet i Trondheim 5-7 november. Me er imponert over Tania sine prestasjonar på matta! Hjartelege gratulasjonar frå oss på Jøsneset !! Fotograf: Jostein Værnes
Lokale stadnamn ut på nett !
Hei alle dykk som er interesserte i lokale stadnamn ! Det blei jo for nokre år sidan samla inn hundrevis av lokale stadnamn på Jøsneset, og desse blei plotta inn i digitale kart. Nå har me lyst å gå eit skritt vidare, og ønskjer å få namna ut i eit nettbasert kart som heiter LOKALNAMN.NO. Dette er ei open nettside med innsamla lokale namn frå Rogaland og Vestland. Sida er utvikla av EGIL SØLVBERG. Han kjem til Hjelmeland for å presentere denne sida, og dette verktøyet for å få tilgjengeliggjort karta med namna ut til alle. Me på Jøsneset er i dialog med Sølvberg om å få våre innsamla namn lagt ut på denne nettsida. I tillegg vil òg dei innsamla namna frå 1980-talet bli lagt ut her.
Det er Hjelmeland Sogelag som arrangerer møtet, og der kjem òg Thor Olav Følgesvoll for å fortelje kva dei har gjort ift innsamling av lokale stadnamn både i Erfjord, og i Suldal elles.