Nytt frå Strandbuen
- I 1998 satt denne eiendommen prisrekord – nå er den til salgs igjen med en langt høyere pris
- Gardsbruk vil mista jord for fjerde gong – meiner at kommunen har gjort feil
- Etterforskningen pågår fortsatt etter at en lokal kvinne ble funnet død i Sverige
- Klar beskjed på torget: – Det er ikke for seint å snu
- Demonstrasjon på Jørpeland torg lørdag
Siste nytt
Bedehusbasar onsdag 16.april
Her finn du PLAKATEN
Påske-Volley
Vollyballtreningane har rulla og gått kvar onsdag gjennom vinteren. Nå før påske tek me ein liten vri og kjører på med TIRSDAGSTRENING!! Møt opp tirsdag 15.april kl 20.00 i Gymsalen. Me ønskjer ferierande ungdommar og påskegjester òg hjerteleg velkommen til treninga - dette er gøy, sosialt og ualminneleg godt for folkehelsa di
Etterlysning: Jøsnesposten 1995
Me har planar om å trykke opp ei samleutgåve av ALLE Jøsnespostane frå Jøsneset skule frå 1982 og fram til idag. Me har samla saman 31 utgåver, og er klar. MEN: me manglar ei utgåve - den frå 1995. Leit gjennom skuffer og skap - me må ha den med til trykking saman med resten. Kontakt: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Svanhild på 97007636. På bildet ser du 1994 utgåva og 1996 utgåva; så kankje 95-utgåva òg er gul og litt liknande desse to?
Bruk av Trivselstova
Bygda er lita, men aktiviteten stor - dette viser seg td i Trivselstova, der det av og til blir over-booking og møtekrasj. For å unngå at andre er i Stova når du hadde tenkt å vere der, er det SVÆRT VIKTIG at du bestiller via Unni Fossaa 404 39 228 eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.. Det er altså IKKJE nok å skrive seg inn i kalenderen som heng på veggen i Trivselstova - du må ta kontakt, for det er Unni som har den komplette oversikt. Reglar, prisar mm finn du HER. Me minner òg om at det blir nedvask av lokalet på ryddedagen, som blir 6.mai - så set av dagen alt nå.
Palmebadet !!
Etter 25 badelørdagar på rad gjennom vinteren + nyttårsbadet, er det på tide for badegjengen å avslutte badesesongen - det blir jo vår og aaaalt for varmt - ja, me syns nesten me høyrer PALMEsusen innover Fossdalen !!
Så av med ullhuene og på med vår/påske-badehettene, folkens og...
...Møt opp i Kogekjellå på FOSS kl 16.00 PALME-lørdag - så tar me årets SISTE vinterbad, eller rettare sagt eit heidundrande PALMEBAD!!!
Denne 25.badeseansen i ånå feirast med påfølgande grilling (ta med grillmat), kaffe, "looongdrinks", kaker og påskekos......Og kanskje må me "te båtnars" for å leite etter påskeegga - kven veit !?
Den Glade Badegjeng
Gamle gubbar for leseglade damer
Denne månaden er det to gamle svenske bygdegubbar som har underhalde damene i Lesesirkelen på Jøsneset. Boka "Rapsgubbene" var av den lette og humoristiske sjangeren, og slo ganske godt an blandt lesarane. Boka handlar om to eksentriske ungkars-brødre som bur på den stille svenske landsbygda - heilt til rare ting begynner å skje i den søvnige bygda...
Les Lesesirkel-damene sine meldingar av boka.....