Velkommen på tur på Jøsneset !  Jøsneset er ei lita bygd med spreidd busetnad, mange fine gardar, buplassar og attraktive ferieplassar. Eit flott turterreng ventar på deg; både ved sjø og hei. Det er eit rikt turnett med merka og tilrettelagde stiar, og Jøsneset Helselag har 10 turpostar med turbøker du kan skrive namnet ditt i. Turløypene går både på gode skogsvegar og enkle stiar i utmarka. Alle stiane blir drifta på dugnad av bygdefolket. 

Alle stiane på TURKARTET PÅ JØSNESET er gått opp med GPS. Sporet på alle stiane er  òg å finne i digitale offentlege kart som td Norgeskart  eller Kommunekart el a.  Stiane kan du då finne når du er ute på tur ved bruk av diverse kart/navigasjons-appar, som td  UT, TOPO, TURKOMPISEN, NORGESKART FRILUFTSLIV

TURSKILDRINGAR:

Tur 1. Gunlanuten 829 moh er det høgaste punktet på Jøsneset. Nuten ligg høgt og fritt på halvøya, og er omkransa av tre fjordar. Utsikten herfrå er fantastisk; ned til Erfjord, utover fjordlandskapet og innover mot Ryfylkeheiane i aust. Relativt tung tur, ca gangtid totalt ca 5-6 t. To alternative ruter. Begge rutene passerer Fosstemmen 380 moh ; der er det tilrettelagd for allmennheita med ein flott gapahuk, bålpanne og kanoar i vatnet.

Alternativ rute 1: Start frå Foss ca 100 moh: bratt skogsveg 4-5 km forbi Fosstemmen til Skiftustølvatnet. Vidare på godt merka sti, forbi tregrensa Grøna Lia og deretter opp over den opne snauheia mot nuten. Lengd ca 7 km Alternativ rute 2: start frå Åsland 260 moh: merka sti austover forbi Håvehammar og opp forbi Fosstemmen. Vidare innover gamlestien i Fossmarka til Skiftustølvatnet. Deretter som rute 1. Lengd ca 8 km

Tur 2. Tausanibba 500 moh, Herefjellet Tausanibba ligg i eit ope flott fjellparti med mange turmulegheiter. Start Åsland, ca 260 moh. Bratt stigning på merka sti rett opp til snaufjellet. Men er ein først kome opp på Herefjellet vil ein aldri angre: snau og vakker lynghei med himmelvid utsikt over heile Ryfylke. Turen kan tas som rundtur via Hedlestøl og ned igjen til Åsland, totalt ca 3,5 km. Åsland- Tausanibba: ca 1 km, ca 250 m stigning, Gangtid opp ca 1 t. Rundtur ca 2 t gangtid

Tur 3. Norda Høgaste, 690 moh, Herefjellet Start Åsland, via Tausanibba over Herefjellet i vest og oppover mot nordaust Norda Høgaste er høgaste punkt på Herefjellet 690 moh. Mektig utsikt, bratt ned Halvardskarsjuvet mot Bogsund og Erfjord. Fleire valg ned igjen, anten ned via Åsland eller ned til Foss. Åsland-NordaHøgaste: ca 2,5 km, ca 450 m stigning. Gangtid opp ca 2 timar.

Tur 4. Nesdalsfjellet, ca 170 moh, Nesvik Kort og fin rute i nærmiljøet. Start på Nesvik v/fylkesvegen; først langs frukthagar og dyrka mark. Merka rundløype på dels skogsveg og dels sti. Nokre bratte, små kneiker. Barnevennleg og fin tur. Utsikt over Nesvik-grenda, Ombofjorden og rett ned til ferjekaien Nesvik. Rundtur: ca 1,5 km. Gangtid: ca 1 t i roleg tempo

Tur 5: Brynå, ca 150 moh, Asheim Ein kort, koseleg og fin tur i nærmiljøet. Brynå passer bra som ein liten «solnedgangstur» for utsikten rettar seg vestover Nedstrandsfjorden og Haugalandet. Start ved FV656 ved Austad: dels jordbruksveg og dels sti. Vidare oppover på sti på eikekledde berg og knausar. Retur via tunet på Asheim og ned Åslandsvegen. Rundtur ca 2 km. Gangtid : ca 1 time.

Tur 6, Røssenibben, 718 moh.
Røssenibben er ein av Jøsneset sine mest markante toppar, godt synleg frå fjorden. 718 m opp frå Jøsenfjorden. Herfra ser du heile fjorden i all sin prakt, innover og utover. Turen kan gjerne starte på Foss via Giskelia. Mest vanleg: start i Bastlid, følg skogsvegen bratt opp ca 1,5 km, deretter bratt sti gjennom flott høgreist furuskog og deretter snauberg og høghei. Tungt, men nydelig! Ruta går òg innover langsmed fjorden eit stykke, før det på slutten går rett opp til topps. Bastlid- Røssenibben: ca 4 km, 700 m stigning, gangtid t/r ca 3-4 t

Tur 7, Valafjellet, 713 moh Valafjellet er òg ein av Jøsnesbygda sine markerte nutar, og ligg òg langt ut mot Jøsenfjorden, Fantastisk utsikt, spesielt utover fjorden mot Hjelmeland, Randøy og Ryfylkeøyane. Open og fin snauhei. Ta av frå den merka Gunlanut-ruta. Fin kombinasjon med dei andre toppane i heia. Døme: gangtid t/r Foss ca 4 t.

Tur 8 Nesvikheia rundt Flott skogstur i lett kupert låglandsterreng. Turen kan td starte frå Nesdalsfjell, rute 4. På vestsida av Nesvikheia er det nydeleg utsikt utover heile Jøsnesbygda, og vestover fjorden. Høgaste punkt 250 moh. Ved stiskillet ved Storhoggtjødna tar ein ned Øygjadalen rute 10 (som kan kombinerast med stikktur innom dei to husmannsplassane Dokkjå og Sveå).  Nesten nede ved Bastlid: følg skilt mot Nesvik. Finfin sti i høgda over fjorden, dels oppmurte parti på stien mot Nesvik= Svenskeveien. Heile runden ca 5 km, gangtid ca 2,5 t.

Tur 9 Høgafjell, 230 moh, Knutsvik Start er «sentrum» i Knutsvik. Følg hyttevegen til enden av Øygarden hyttefelt. Ta gjerne avstikkar ned til markant stor stein i strandkanten, Hårsteinen. Deretter merka sti forbi hyttene og bratt oppover. Eit bratt, kort ulendt parti ved Hundastien. Deretter opp i fin furuskog til topps: Høgafjell på ca 230 moh. Fine opne berg, og kanonutsikt utover Nedstrandsfjorden og Bandåsen. Rundtur vidare austover, og ned tilbake via Morkjavegen (skogsveg/hytteveg). Rundturen er ca 5,5 km, ca 2 t.

 

Tur 10 Øygjadalen, Bastlid – Foss Stien var landverts forbindelse for husmenn under Foss på 1800-talet. På 1900-talet var stien òg skuleveg for borna i Bastlid. Stien passerer husmannsplassene Sveå og Dokkja, som ligg på flatar i bakkane opp frå Bastlid. Artig og fin tur i delvis bratt og frodig skogsterreng. Kan kombinerast med stiar på Nesvikheia og/el innover Fossmarka. Bastlid-Foss: ca 3 km, gangtid ca 1 time.

 

Tur 11 Fosstemmen, 380 moh, Fossmarka. Fosstemmen er hjarta i turriket på Jøsneset; både pga sentral beliggenhet ift andre ruter og fordi det er bygd ein flott gapahuk her. Gapahuken «Kalvagaren» er open for alle turgåerar. Her er det bålpanne, bord/benker, ved og to kanoar som kan brukast på vatnet. Det er stødige benker i gapahuken, og det går fint an å overnatte her med god sovepose og liggeunderlag. Fleire ruter opp. Det vanlegaste er den bratte skogsvegen rett opp frå Foss, ca 2,5 km, eller følgje gamlestien frå Foss som tek av frå skogsvegen ved Orva. Foss-Fosstemmen; ca 5 km, gangtid ca 1,5 t.

 

Tur 12 Håvehammar, 260 moh

Håvehammar er eit svært populært turmål på Jøsneset. Turposten ligg sentralt i bygda og det er fleire ruter hit. Frå Åsland: flatt, lett og barnevennleg. Frå Asheim: bratt, men raskt og enkelt. Frå Foss: enda brattare men litt kortare. «Knutastien» frå Tonå er kun på sti, og er lettleg, åpen og fin. Finfin utsikt rett ned i Fossgrenda, og utover heile Ombofjord-bassenget. Bord/benker, ta med familien, niste og kaffe. Finfin småbarnsfamilietur. Gangtid: avhengig av trasèval, 1-2 timar t/r.

 

 

 

Det er òg utarbeidd ein tursti-foldar for Jøsneset i papirform.  Den blei laga i 2006, og oppgradert i 2016. Den er likevel ikkje komplett ift det løypenettet som nå foreligg på Jøsneset. Turfoldaren er likevel ei fin inspirasjonskjelde for turar ut i skog og fjell.

 

 

 

 



 

 

 

 

 

Facebook