Nytt frå Strandbuen
- Slik har Kari tryllet frem drømmehagen på et lite område
- Maren blei ikkje overbevist på folkemøtet – Kjell Ivar blei endå sikrare
- Dette var spørsmåla frå publikum – Nour lurte på korleis folket ville bli høyrd
- Vil sjå framover: – Eit datasenter kan få snøballen til å rulla
- Sjå kven som møtte opp på infomøtet
Smashing Jøsneset nærmer seg!
No er det kun 6 dager igjen til årets høgdepunkt, er du klar?? Du finn alt du treng å vita her
Ferske bakevarer i Krambuå i dag
I dag (laurdag) får du kjøpt Øyvind sine ferske brød, skuleboller og kanelsnurrar i Krambuå
PR-turnè for Smashing Jøsneset
Team Tverrbekken har turnert Middelhavet for å laga blest om Smashing Jøsneset!
Kryssing av RV13 for mjuke trafikantar
Dei som sykler og går frå og til Nesvik ferjekai må i dag kryssa riksveien for å nytta fortauet, og det kan vera eit skummelt prosjekt mellom bilistar med dårlig tid både til og frå ferja! Jøsneset Bygdaråd har ønska at det blir laga gangfelt over vegen, men dette meiner Statens Vegvesen ikkje er eit godt tiltak her.
Ballbingen open igjen f.o.m måndag 26.juni
Velkomen tilbake til ballbingen frå og med måndag 26.juni No er nytt kunstgras utan fyllmasse på plass. Måla har fått nye nett.
Graset må setje seg litt før det kan brukast. Bli med å TA VARE PÅ det nye graset: Ikkje dra med deg grus inn i bingen!
Stor takk til gjengen som fjerna gamalt gras og la det nye
Velkommen til Jonsok-feiring
Fredag 23. juni blir det tradisjonell Jonsok-feiring i Skiftustranda kl 18. Enn så lenge gjeld forbodet mot bål og grilling, men sosialt samvere, fiske- og krabbekonkurranse blir det uansett! Ta med deg mat og drikke og møt opp