Takk alle saman for gode, rause pengegåver til TV-Aksjonen UNICEF . Kun via bøssene og vipps kom det inn 98 712 kr - og av det kom over 17 000 frå Jøsneset. Ganske stort bidrag frå så lita bygd !! Så takk frå bøssebærarane frå Jøsneset Helselag, som meldte at det var ei glede å gå frå hus til hus denne vakre haustdagen. Cesilie i Helselaget gjekk rundt med bøssene òg i ferjekaien på Nesvik - medan Jøsneset Bygdaråd laga til eplekake-kafè i Trivselstova. Over 30 stk var innom kafèn - der betalinga for kaker og kaffe var frivillig og gjekk RETT i Unicef-bøssa. Me tippar at kakestykkene låg høgt i pris denne dagen. Så takk til kafègjestene! Og ikkje minst - Takk til danseteamet Nila og Anbjørg - som heilt impulsivt og heilt på eigen hand ba om å få vise fram ein danseoppvisning for alle kafègjestene - Så ut i haustsola bar det - og jentene dansa til musikk frå bilstereoen - og viste fram kva dei har lært av festleg dans på kulturskulen. TAKK - gode jenter - for eit flott SMASHING flott bidrag på Unicef-dagen ;-) . TOTALT kom det inn 134 712 i Hjelmeland kommune - Meir om innsamlinga i Hjelmeland.
Nytt frå Strandbuen
- Har funnet mange døde lam: – Vi sitter ute om nettene
- Fastlegene i Strand har uvanlig lite tid til pasienter – dette er forklaringen
- – Mennene som laget grunnloven brukte kortere tid enn vi bruker på å sette opp et trafikkskilt
- Ordføraren om første 17. mai i Hjelmeland: – Eg fekk sjokk
- Her spiller de den folkekjære salmen på sauebjeller