Det er samla inn og kartfesta fleire hundre lokale stadnamn for Jøsneset. Det er printa ut papirkart med desse namna påført. Karta er hengt opp i Trivselstova. Ta turen på kafeen på søndag (palmesøndag) - då kan du sjå karta og namna - og skriv gjerne på korrigeringar og/eller nye namn !!
Sjå elles dagens STRANDBUEN - der står det om stadnamnprosjektet.
Ta gjerne kontakt med Ingeborg 92850 297 og/eller Svanhild 97 00 76 36 dersom de har innspel om namn og prossjektet - me er sikre på det finns mange fleire namn der ute !!

FaceBook
Facebook