Jøsnesbygda var representert med 4 løparar i Oslo Marathon denne helga.  Jo, alle er Jøsnesbuar, for alle bur, arbeidar og/eller er oppvaksne på Jøsneset. Til å vere så lita bygd med så få innbyggjerar, så må prosentandelen vere ganske høg. Astrid til høgre er "veteranen" med sine over 20 maratonløp - og blei raskast i mål med tida 3.42.  Ho og Einar låg side ved side i heile løpet - utan at dei sjølv visste det eller såg kvarandre undervegs (tett med løparar heile vegen). Einar starta hardt og hadde leiiinga ei stund - men "veteranen" Astrid hadde mest på slutten, og kom i mål nokre minutt før Einar. Silje og Svanhild er "slowrunners" i forhold og kom begge inn på litt over 4.30. 

  I mål dukka det opp ein annan kar frå Hjelmeland: den spreke kommunelegen John Nessa, han er òg etterkvart ein erfaren maratonløpar - og denne gongen var han sågar med som ledsagar for den blinde Tau-løparen Eline Øidvin frå Tau. I tillegg til Nessa var òg Roger Sellevoll frå Fister deltakar på maraton - altså 6 stk frå Hjelmeland (så vidt me veit), derav 4 frå Jøsneset.

Treningsgrunnlaget for dei to "slowrunners" blir lagt i motbakkane opp frå Fosstemmen - og der blir til stunder så mykje pesing at kleiva opp mot Krogastemmen har fått eit nytt stadnamn: Pesekleivå !!

Resultatlister

Oslo Maraton er altså ei stort løpsarrangement som blir avhalden kvart år i september og over 20 000 løparar i ulike distansar set sitt preg på heile byen heile dagen - og det er ein stor folkefest. Ryfylke viste igjen på fleire måtar - men best av alle var dama frå Sand i Ryfylke Aud Elisabeth Stuhr som vant Trippelen - dvs  Maraton 42 km + Halvmaraton 21 km + 10 km = 73 km!
Ryfylke er best ! Aud Elisabeth på Sand er sterkast av dei sterke - og vant Trippelen 73 km på 5 t 50 min !

 

 

FaceBook
Facebook