Då er turboka 17 for Valafjellet tatt ned, og ny 2018 bok er klar. Kun 58 stk hadde skrive seg inn i boka her ila 2017, og derav var ca halvparten deltakarar på 3-nutstuen........altså ca halvparten gjekk glipp av den fantastiske utsikta herfra, for under 3-nutsturen 4juni2017 var heile heia dekka av tjukk tåke.  Valafjellet ligg 713 moh, og ligg lengre ute på neset enn Røssenibben og Gunlanuten, og derfor flott utsikt utover fjorden.

Mykje laussnø under tregrensa og lite feste og tungt å gå på ski.....oppå toppen derimot var det forblåst og lite snø. Bedre å vente med å ta turen til snøforholda blir bedre.

Utsikt frå Valafjellet til Røssenibben 719 moh......det er relativt lite snø i heia, snøen har ikkje "satt seg" med hardt bærelag under, og det er nokså forblåst på toppane og landskapet har ikkje jamna seg ut - mykje stein som stikk opp.

Fin utsikt frå varden, men kald vind 20.januar.

Fint, men tungt snølag under tregrensa. På skogsvegen til Skiftustølen går det greitt. Opp GrønaLia er det tung; ein søkk djupt i laussnøen og det er lite feste - og snølaget har ikkje jamna seg ut, så stein og tuer stikk opp og gjer det vankeleg å gå. Men snart blir snøforholda gode, og då er turen kjempefin !

 

Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada

 

FaceBook
Facebook