1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


Onsdag 17 okt slapp alle folk på Jøsneset og Jøsenfjorden å lage middag, for denne dagen hadde nemleg elevar og lærarar på skulen laga til middag for bygdefolket, og inviterte alle inn på kafè ! Og kafèstemning blei det, med småbord rund i heile gymsalen, og unge, flinke kelnarar farta rundt og tok mot bestilling, serverte suppeskålene på bordet og sørga for fullt i glaset av husets vatnWink. Salen var fullsett og ca 80 munnar blei metta denne dagen - og overskotet går til TVinnsamlinga til Amnesty International.

Det dampa nok godt på alle vis i skulekjøkkenet når storskuleelvane, under leiing av "master chef" lærar Ola Skiftun, skulle skrelle poteter, hakke gulrøtter, steike kjøt, bake brød og røre i suppegryta. Og småskuleelevane sørga for søtbaksten; og trylla deilige sjokolade-og eplekaker ut av kjøkkenovnane.   Og det vart travelt mellom borda når alle svoltne foreldre, besteforeldre, tanter, onklar og andre bygdefolk strøymde til. Men serveringa gjekk knirkefritt og den krema kyllingsuppa og det nybakte foccatia-brødet smakte deilig !!

På denne kafèen var det òg musikalsk underhaldning frå elevane på skule/kulturskule. Veldig kjekt å høyre/sjå alle dei flinke elvane som scenevante syng og opptrer for ei stor forsamling. Og flott å sjå korleis kulturskuleelevane utviklar seg på ulike instrument som gitar, piano, blokkfløyte og fiolin!! Flinke alle i hop!

Her er det elevar i småskulen som syng ein flott sang i lag for oss.

 

 


To trøtte og svoltne "kelnarar" kan endeleg slappe av og nyte ein porsjon kyllingsuppe.


Deilige kaker til kaffen høyrde òg med på dagens meny.


Overskotet av denne kafèen, som blei på ca 6000,- går direkte til årets TV-aksjon Amnesty International - som jobbar intenst for menneskerettar spesielt i land med  fattigdom og krig. Elevane på skulen les opp informasjon om Amnesty, og presenterte eit utdrag av menneskerettane for oss.

Rektor Rasin var svært nøgd med arrangementet og frammøtet, og tykte det var flott at unge og eldre frå begge bygder stilde "mannsterkt" opp.  Han sa at det var ca 50 vaksne og ca 30 barn som møtte opp, og dermed fekk dei eit fint overskot.  Tidlegare har skulen arrangert FN-dag på dagtid (midt i arbeidstida), men denne vrien med å leggje arrangementet til ettermiddag såg ut til å vere populært for folk: Veldig positivt for alle arbeidande foreldre, som dermed slapp å ta fri frå arbeid for å kunne delta !!

Me takkar skulen for ein flott kafè !!

PS: Neste veke arrangerer både Jøsneset Barnehage og Jøsenfjorden barnehage liknande arrangement, dette på sjølvaste FN-dagen. På Jøsneset blir det då  kafè for foreldre og besteforeldre til barna i barnehagen, og i Jøsenfjorden blir det basar !

FaceBook
Facebook