1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts


I vinter fekk me ein veldig fin miljøstasjon v/ RV13 på Nesvik. Det er til alle si glede og interesse at denne blir halden velhaldt, fin og ryddigSmile. Det skal IKKJE setjast ting utanfor containarane! Her er bilder som RYMI har sendt oss av malingsspann og bilbatterier - som står utanfor containarane. RYMI minner oss om at slike ting IKKJE høyrer til her, men skal leverast til gjenvinningsstasjonane. Meir info nedanfor.


Her er det nokon som virkeleg ikkje har lest plakaten !! Det står ein svært informativ plakat på containarane - likevel blir halvfulle malingspann sett like framfor.
RYMI melder at miljøstasjonen har halde seg veldig fin etter at dei etablerte den i vinter. Dei følgjer med på korleis me bruker stasjonen; og difor finn dei det rett å minne oss allereie nå på at det ikkje er alle ting som kan leverast her - og altså INGENTING skal setjast utfanfor containarane.

Les plakaten på containarane og meir info om sorteringssystema, opningstider på gjenvinningstasjonane mm finn du på www.rymi.no


Bilbatterier skal heller IKKJE setjast utanfor containarane - dette er spesialavfall som skal leverast på gjenvinningstasjonane på Viganeset eller Sand.

Viss alle følgjer instruksjonane, vil me garantert klare å halde stasjonen flott i framtida  !!!

FaceBook
Facebook