1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Denne vinteren har det vore mykje debatt om skulestukturen i kommunen. I neste møte i Oppvekstutvalet skal det tas stilling til to skulesaker som får betydning for Jøsneset. Det blir lagt opp til at Jøsenfjorden skule blir nedlagd, og at elevane i Jøsenfjorden skal flyttast over til Jøsneset skule. Les oppvekstsakene hos Hjelmeland kommune.

På førre møte i Samarbeidsutvalet i Jøsenfjorden blei det ytra bekymring for at denne overflyttinga til Jøsneset berre er første trinn på vegen mot Hjelmeland - altså at dersom heller ikkje Jøsneset skule består i framtida, vil ein kome opp i nok ein opprivande nedleggingsdebatt. For noko av kritikken mot å flytte meir elevar over til Jøsneset, er at bygningsmassen her ikkje held dagens krav, og at lokala bør oppgraderast. Det blei difor ytra ønskje om at politikarane allereie nå kan love at Jøsneset skule blir rusta opp og skal bestå framover. 

Sakene som er sett opp gir vel ikkje eit HEILT klart svar på dette. Vel: I skulekrinssaka blir det tilrådd frå rådmannen at heile nordsida blir ein skulekrins under Jøsneset skule, men sakene seier ingenting om korleis Jøsneset skule eventuelt skal rustast opp. Men her kjem kanskje meir informasjon etter kvart? Så følg med.

Sakene skal behandlast i oppvekstutvalet 15.03, deretter Formannskapet 20.03 og til sist i Kommunestyert 28.03.

FaceBook
Facebook