1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

2011 er snart historie, og nå blir snart "Årets Jøsnes-spåmann/kone" kåra. "Sekretariatet" har mesteparten av svara frå spåkonkurransen 2011 klare, men eit par av de må me inn i offentleg statistikk for å finne, så endeleg resulatat føreligg litt ut i 2012.

 

 

Det var nærare 20 stk som deltok i konkurransen, dvs leverte inn svar på dei 15 spørsmåla om ulike ting som ville skje på Jøsneset/i kommunen dette året.

Det vanskelegaste spørsmålet var visst "kven held 17.mai-talen 2011?". Det var ingen som tippa rett på; at det var Arthur Westersjø.  Men mange gode forslag, som  kanskje skulle vore overlevert til årets 17-mai-komitè??

Og alle utanom ein hadde feil på tipping av ny ordførar; nesten alle trudde at Bjørn Laugaland ville fortsetje. Kun 1 tippa Trine DanielsenWink

Men veldig mange var optimistiske på turgåinga sine vegne for 2011. Eit av spørsmåla var nemleg kor mange som ville kome til å besøke Håvehammar ila 2011 (det var 948 i fjor). Mesteparten tippa over 1000, og det var rett!! Det blei godt over 1000, og det var jo supert!

Nesten alle var òg optimistar på Jøsnes-sida sine vegne, og tippa at besøkstalet på nettsida vår ville gå opp ila 2011. Dette er eit av dei spørsmåla me får vente litt med å konkludere på, men me håpar jo sjølvsagt dei hadde rettSmile

Men ALLE svara på kva som skjedde i 2011 vill de få samla når alt er klart.

Og sjølvsagt; det blir kåra ein vinnar, som skal bli premiert med eit ekta Jøsnesprodukt. Så følg med!!

FaceBook
Facebook