1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts



Lise Tjeltveit
til høgre blei "Hardhausen2011": dvs ho gjekk alle dei 4 høgaste toppane på Jøsneset og traff akkurat den hemmelege idealtida på 6 timar 6 minutt. Det gjorde òg Vidar Råheim og Jostein Hjorteland, men Lise vant tittelen i loddtrekking. Ho vant då ein flott kniv laga av knivmakaren på Jøsneset: Daniel Hjorteland.

Paula Johannesen til venstre tok turen om alle dei 3 høgaste toppane og vant i klassen "3-nuts-tur". Den hemmelege idealtida var der 5 timar og 31 minutt, og Paula gjekk nærast på 5,32. Ho fekk òg ein flott kniv laga av same knivmakar Daniel Hjorteland.

Ingen av dei spreke damene er busette på Jøsneset, men begge har familie her og er ofte å sjå blandt oss her i bygda. Me gratulerar for flott innsats.

Det var mange andre som òg var nær idealtidene, men det var desse to damene som gjekk av med seieren. Vinnarane gjekk heim før premiefordelinga var klar, men knviane skal de få i hende om ikkje lenge........ja, og nå ser de bevis på at premiane har de fått !!

Elles var det ein del av førstegongs-deltakarane som ikkje fekk deltakarpremie. Desse vil bli bestillt inn og delt ut så snart som råd.

Arrangøren rosar alle dei 74 deltakarane med vel gjennomført turløp, spesielt alle spreke barn. Minstemann på 3nutstur var ca 5 år har me fått opplyst, og minstemann på Hardhausen var 11 år.  Det er tunge løyper med totalt mykje opp- og nedstigning Wink i relativt ulendt og vått terreng, så for dei som har små bein er turen ekstra tung. Flott av alle barna som deltok !!

Elles var det fleire "utenbygdske" deltakarar i år enn førKiss, me kunne observere både søldølar, fjordabu, strandafolk og byfolk......kanskje nokon enda meir langvegsfarande?  Resultatet av årets tur for alle blei nok sure, våte sokkar, men me trur og håpar at alle først og fremst hadde ei GOD NATUROPPLEVING !!

 

Det var heile 30 stk som gjekk Hardhausen (4 nutar), 39 på 3-nutstur, medan nokre nøyde seg med kun 1 nut. Totalt var det 78 stk på Gunlanuten i dagSmile


Me oppmodar folk som har tatt foto frå den flotte turdagen om å sende de inn, så legg me de ut her.


To av deltakarane på Hardhausen:
her representert ved einaste Jøsenfjordbu Turid Hjorteland og yngste "Hardhaus" Jakob H Gbada som registrerer seg på Norda Høgaste 690 moh


Utsikta frå Røssenibben 713 moh eine vegen, ut fjorden mot Randøy ............

......og utsikta frå Røssenibben andre vegen, inn Jøsenfjorden






FaceBook
Facebook