1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Torsdag 11 november inviterte Jøsneset og Jøsenfjorden skule til Bygdakveld på Jøsneset. Elevane tok ein fullstappa sal med gjennom eit over 1-times variert program. Og salen lot seg begeistre: på dei to små skulane gror talenta !!

Tema for kvelden var "Barnelitteratur og forteljingar i ulik form" og tillegg var det framføringar av Kulturskule-elevar.
Det var ein rikt og variert program me fekk oppleve denne kvelden: Song, rollespel, blokkfløyte, fiolin, piano, tverrfløyte, animasjonsfilm, gitar, power-point-presentasjon og ein skummel "skrekkfilm". Alt framført av dei 27 elevane !! 

Først ute var Tobjørn Egner sine kjendte og kjære figurar......ja, du kjenner dei nok att både Politimester Bastian og frue, og tante Sofie og Kasper og Jesper og Jonatan:


Røvarane var egentleg ganske rotete og skumle, men her har dei tatt seg ein kvil :-)

Innimellom rollespela fekk me òg smakebitar av kva kulturskuleelevane kan by på - her i flott samspel på gitar:


Alf Prøysen sine humoristiske forteljingar blei òg presentert: her er det historia om Sukkertøyhandelen.




Ja, òg kva er vel barnelitteraturen utan PIPPI ? Sjølvsagt trampa sjølvaste Pippi inn på scenen. Her frå sin første skuletime i matematikk :-)

 .....Eeeeeeemil - forgremmande unge !!.....joda, han dukka opp han òg, men han havna fort i snekkerboda....som vanleg:-)

Til slutt fekk me sjå ein skummel skrekkfilm filma i Knutsvik og skulen, og den enda ganske tragisk med tre døde lik i skulekjellaren. Men HELDIGVIS, det viste seg berre å vere ein vond draum. Historia enda godt: spøkelsa entra scenen og kapra seg ei seng og endeleg fekk dei òg slappe av :-)

---

Alle desse flotte artistane blei møtt av ein uvanleg fullstappa sal. Folk frå begge bygder stilde opp fulltalig, både unge og gamle, så stemninga var tett og god.

Etter framsyninga blei det servert deilig mat: alle foreldre hadde tatt med seg kvar sitt fat med mat.....og her var det litt av kvart av godsaker for alle og ein kvar. Ein godbit og kaffe - og drøsen gjekk varmt !!

Ein super kveld !! Så takk til elevar og lærarar på Jøsneset og Jøsenfjorden skule som har stått på for å skape ein slik flott kveld !

Og, ja.....talenta "står i kø" så me gledar oss til framtidige revyar både i Jøsenfjorden og Jøsneset !!




 

FaceBook
Facebook