1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Nå skjer neste steg mot realisering av ny utsiktsplass ved RV 13, Bastbergneset i Jøsenfjorden: det er nå varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for området.

images/JUL/basberg.jpg

I 2008 var det ein stor arkitektkonkurranse på gong for unge norske formgiverar, og det gjekk ut på utforming av raste/utsiktsplasser langs Nasjonal Turistveg. Den eine konkurransen dreide seg om utforming av utsiktspunktet ved Bastbergneset i Jøsenfjorden. Det var arkitektkontoret Lie Øyen Arkitekter AS som vant konkurransen.

Nå er dette prosjektet klar for realisering, men før etableringa tek til må området regulerast. Planfirmaet Asplan Viak i Stavanger lager planen på vegne av Statens Vegvesen, og planen skal behandlast i Hjelmeland kommune.

Grunneigarar i området er Ellen Louise og Trygve Brandal, og Bastbergneset ligg mellom Varane og Eiane, med Skomakarnibbe-massivet vis-a-vis over fjorden. Frå dette neset har ein utsikt heilt inn fjorden, og heilt ut fjorden, så det er ein kjempefin utsiktsplass.

Planen er at det skal etablerast p-plasser ved neset (som ligg litt lengre inne i fjorden enn der fotoet er tatt), og det skal opparbeidast trapper/gangsti ned til sjøen. På dette neset er det ei stor sprengstein-ur. Det skal strekkjast eit slags gitter/nett over deler av ura; og det skal plantast vegetasjon som etterkvart skal kle ura.  Sjå planane som vant arkitektkonkurransen her.  Prosjektet er ein del av Nasjonal Turistveg-satsinga RV13.

Når dette er nemd, kan ein òg nemna at det er hogd ut mykje skogsvegetasjon på nedsida av vegen, slik at sikten mot fjorden igjen blitt flott på deler av strekket mellom Nesvik og Vindsvik. Dette er òg ein bit av turistvegprosjektet.

FaceBook
Facebook