1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Jonsokafta er ikkje alltid blitt feira i Skiftustranda.
I den gamle VONA (Ungdomslaget si lags-bok) står det fleire stader om Jonsok-feiring på Håvehammar.

Her kjem ein stubbe frå 1929:

JONSOK

Brakje vart hoggen og dregen på plass
det var visst nær på et hestelass
At veden var turr eg hermed sannar
for bålet skulde brenna bjart - på Hovehammar.

Jonsokafta me ferda oss til
me flaska og kveiksle og åtte kje tvil
um at bålet vart betre enn alle grannar
og at alle såg veten på Hovehammar

På vegen gjekk folk på hovedstupp
og freistar og kavar og vinn ikkje upp
Og skrålar og syng og steikjer og bannar
so det lyser som bålet - på Hovehammar

Andre gjeng seg so godt som vildt
i myr og brakje det er kje gildt
Men som dei gjeng dei bråleg stannar
og gjeng etter bålet - på Hovehammar

I brakjen den tassar og syng og tislar
Ei gjenta høyrer ein unnertid knislar
Men sume sit og sluker drammar
som vermer som bålet - på Hovehammar

På knatten går dansen fint over tilje
der alle freisar med all sin vilje
å døyva dei heite elskhugsbrannar
som gløder som bålet - på Hovehammar

Dansen stilna og knipi tok på
snart so vilde alle gå
Det er som Henrik sjølv berammar
at alle skal gå - frå Hovehammar

Nedetter gjekk det med song og skrål
som det sig sømer ved Josokbål
Asheimen Jøsnesungdom forbannar
og heile bålet - på Hovehammar

Ved ytredøri dei segjer godnatt
dei karar som fylgde sin kjære skatt
Slokna i natti er elskhugens flammar
slokna som bålet - på Hovehammar

Op heimvegen gjekk det i sikk og sakk
dei segjer for laget so tusend takk
Og til ein anna ein "gomåren" stammar
og spreides som oska - på Hovehammar.

Otto Hiim

images/JUL/Bilder/have1.jpg

Jonsokbålet frå Håvehammar må ha vist langande lei - for her er vidt og flott utsyn !

 

FaceBook
Facebook