1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Etterkvart som bøkene på turpostane blir skifta ut, vil me her leggja ut kor mange det har vore på dei ulike postane. Sjå under "turstiar" til venstre i menyen for meir informasjon om turpostane våre, her finn du og turkartet.

Turpost

  • Røssenibbå er skifta for ei stund sidan, og der var det 37 besøk i år, mot 13 i fjor.
  • Boka på Tausanibbå på Herefjellet vart henta ned 27.12.08 og der var det 90 besøk i år, mot 69 i fjor. Også ei auke her altså. For dei som ikkje har vore der enda, kan eg opplysa om at det tek ca 1/2 time å gå opp dit frå Åsland, og då er du på "høgfjedlet" altså, men det er jo bratt opp. Deretter er det ein fin rundtur om du vil gå ned att på "Liå" te Torkel, eller du kan gå den merka løypa ned att same veg. Her blir det forresten bestilt inn ny postkasse, for den er blitt ødelagt i blesten der oppe.

fin utsikt fra Herefjellet

  • Nesdalsfjellet 473 besøk mot 581 i fjor, altså ein nedgang her.
  • Brynå 822 besøk mot 528 i fjor- ei GEDIGEN auke på Brynå i år! Bra!
  • Fosstemmen 410 besøk mot 420 i fjor. Her er jo Gapahuken som er ein koseleg plass å ta ein rast. Kanskje det blir sikker is her oppe snart?
  • Håvehammar bok for vaksne: 579 besøk, barnebok: 179 besøk (kom til nr 188, men det var 9 tomme nr)
  • Gunlanuten har hatt 144 besøk i år mot 112 i fjor.
  • Høgafjell 190 besøk i år mot 167 i fjor.

Takk for innsatsen alle saman!

Jøsneset helselag, ved Jorunn Foss mobil: 99638803

FaceBook
Facebook