1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Helselaget har tidlegare prøvd å få til ein tur i november, det vart ikkje til julebyen i Eigersund som de sikkert såg. Derimot har vi fått til noko som kan være vel så kjekt! Nemleg ein tur til nord-Hidle på Juleverkstad i Eldhuset. Sjå på nettsida deira www.nordahidle.no  Denne turen vert då i staden for damekvelden som var planlagt den 27.11.08. 

Pakken vi har fått til kostar kr. 400,- pr person. Mat og retur på kvelden med Helgøyen er då inkludert i prisen. Vi reiser fredag 28.11.08 med hurtigbåten frå Nesvik, oppmøte kl. 17.00 på Nesvik. Vi tek båten til Judaberg og bytter båt der. Vi reiser vidare til nord Hidle derifrå. Båten betaler kvar enkelt sjølv. Vel framme får vi servert heimalaga suppe og kaffi og dessert. Dersom du vil ha anna drikke til maten betaler du det sjølv. Vi får plukke og lage det vi ynskjer av julepynt/adventspynt og betaler for det vi bruker. Vi blir som sagt henta ca 22.30 av Helgøy som bringar oss til Nesvik att.

Det er berre plass til maks 13 stk på denne turen og difor er det førstemann til mølla som får vere med! Påmeldingsfrist er 21.11.08. Påmelding til Jorunn på tlf 99638803 eller på mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

 

FaceBook
Facebook