1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Påsken 2019 går inn i historia som tidenes turpåske ! Også dei stilige sokkane har vore og er på vandring. Faktisk frå den høgaste og lengst austlegaste turpost (Gunlanuten) til ein av dei lågaste,  og i alle fall den vestligaste turpost: nemlig Høgafjell i Knutsvik.  Det er ein liten mistanke om at de har kost seg litt på hyttetur i Øygarden òg mellom høgdeopphaldet på Gunlanuten til de havna i kassen på Høgafjell. Men i alle fall - der fant ein ny turgåar sokkane, som nå altså har vore innom Håvehammar, Gunlanuten, Høgafjell. Derfra blei tatt med vidare til neste turpost - på direkten same dag, 2.påskedag.  Så nå ligg sokkane..........

....... i den fjerde turpostkassen på si ferd.  Det er hemmeleg kor den er, men kan røpe at den turposten er under tregrensa. Då er det opp til neste "stafett-deltakar" å bringe de vidare til ein av dei andre postane !

Kjem sokkane seg opp på nutane igjen mon ?

Her er dei stilige sokkane på den fine utsiktsplassen på Høgafjell i Knutsvik - Men nå er de ikkje der lengre  - de ligg å ventar i ein annan turpostkasse nå !

Her les du meir om STILIGE-SOKKAR-STAFETTEN

 

 

FaceBook
Facebook