1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Den flotte gapahuken "Kalvagaren" ved Fosstemmen blei opna 1.pinsedag 2007, med masse folk, nydeleg vårvær, leik, prat og mat.  Nå er 10 år gått og Kalvagaren er blitt kjær og populær for alle i bygda og mange mange fleire. Det er blitt eit flott turmål og ein god stad å vere.  Me må feire jubilanten - og inviterer til KAKEFEST 1.pinsedag kl 15.00. Dette er same dag som Hardhausen, så me håpar dei fleste toppturgåarane vil kome ned til då å vere med å feire. Har du ikkje lyst å gå alle toppar; er dette ein ypperleg dag for bare ein tur til FOSSTEMMEN - her blir det folk heile dagen: fyr på bålpanna, padling i kanoane, bading? , kaffe på kjelen, natursti for barn - Så ta turen opp!! Ta med grillmat og sitjeunderlag !!


Her frå opninga 1.pinsedag 2007. Arkitekten bak bygget va Knut Fosså, som fortalde om bygget og opna det saman med barnebarnet Johan Fosså.

Dette er òg frå opningsdagen - det er eit flott og spesielt bygg !! Her var det lite enkle løysingar; det er solid, funksjonelt og vakkert !

Kalvagaren er romsleg og god - ein flott sosial møtestad eigna for gode historier og et måltid saman

Kalvagaren er vakker - sommar som vinter - den ligg der å ventar på deg !

Mange kaffekjelar er blitt kokt over bålet i Kalvagaren desse 10 åra.  1.pinsedag 2017 vil det òg bli kaffe å få !! Velkommen til kakebursdagsfest !!!

Me oppmodar folk om å gå opp ! Men er det særskilde behov som td eldre/små barn/dårleg til beins el.a så er det òg muleg å kjøre opp. Vegen er bratt grusveg/skogsveg, og det er ikkje tilrettelagde p-plasser, men det går an. Køyring på eige ansvar.

FaceBook
Facebook