1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Har du sett Ellen Mari traske rundt i bygda i helga med sekk på - ja, så er det fordi ho har gått frå postkasse til postkasse med den nye, oppdaterte turstifoldaren - "Turstikart for Jøsneset - Ta turen - Jøsneset ventar på deg". Kartet er nokså likt det som blei produsert i 2004, men teksten er oppdatert, litt fleire stadnamn på kartet og litt endring i turmål.  Den nye foldaren blir delt ut i postkassane til alle på Jøsneset -  inkl dei som har hyttepostkassar - og er òg nå i oppdatert utgåve her på nettsida.
F
oldaren er oppdatert i regi av Jøsneset Bygdaråd med midlar frå Sparebankstiftelsen

 
Turstifoldaren kan fås kjøpt for kr 10 på Nauste på Nesvik, og er òg lagt ut i diverse turpostkassar; som td Håvehammar og her på Tausanibbå - obs: la de ligge i turpostkassen til nestemann wink

Når du går turar på Jøsneset så vil du sjå at det er kome opp ein del nye stadnamnskilt - og fleire vil kome til etterkvart. Dette er del av stadnamnprosjektet - der det er samla inn og kartfesta lokale stadnamn + produsert skilt.

FaceBook
Facebook