1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Dei brune, slimete krypa er langt frå utrydda, og små sneglar blir raskt store i det varme været! Det mest effektive middelet mot brunsneglane er Nemaslug, som inneheld levande parasitter

.

 

Størst effekt får me når alle i nabolaget gjer ein innsats, og søndag 5. juni kl 18 blir det "snegledugnad" hos Silje Sværen. Du kan då gjera følgjande på førehand:

- samla sneglar i ei bøtte med lokk, som står på ein plass i skuggen fram til søndag og/eller

- lag deg sneglefeller som beskrive her, og ta med ca 0.5 l alkoholfritt øl eller vørterøl som du har helt over i ei større flaske

- ta gjerne med ei tom brusflaske og få med deg litt ekstra "heksebrygg"

 

Ellers er det nyttig å samla sneglar - dei fleste er ennå mindre enn 1 cm lange. Klipp større snegler i to. Bokser med øl (med alkohol!) tiltrekk seg snegler som kryp oppi og drukner. Middelet Trinol er effektivt å strø ut. NB! Middelet SmartBayt som inneheld same virkestoff er vist å vera mye mindre effektivt!

 

FaceBook
Facebook