1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


I desse dagar blir det sendt ut ein liten flott brosjyre i postkassane til alle husstander i Hjelmeland - klikk på bildet så finn du brosjyren. Det er kulturkontoret i kommunen som igjen trigger til aktivitet og friluftsliv. KODEJAKT !!  10 hemmelege kodar er spreidd ut i vår vakre natur i Hjelmeland - i brosjyren finn du opplysningar om kor kodane er og korleis du kjem deg dit. Ein av kodane er på Jøsneset - på Nesdalsfjellet - som alt er ei merka turløype i bygda vår.

Her kan du slå mange fluer i ein smekk: bli godt kjent i kommunen din, få gode opplevingar og god helseeffekt - og ...kanskje du kan vinne flott premie !!  Start gjerne jakta på vår eigen flotte turpost: NESDALSFJELL

Ved turkassen på Nesdalsfjell finn du koden - som på dette foto sjølvsagt er "sladda" - så, ja, du må GÅ opp for å finne den.
På Nesdalsfjell er det benker og flott utsikt - så ta med ein venn, ein kaffekopp og ha GOD TUR !!

utsikt frå Nesdalsfjell

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada

 

FaceBook
Facebook