1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 


Førstkomande tysdag er dagen for den årlege Fasteaksjonen. Då vil alle husstandar på Jøsneset og i alle andre krinsar i Hjelmeland få besøk av bøsseberarar som samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. I år er pengane øyremerka til å skaffa sikker tilgang til reint vatn for folk ute i verda som ikkje har det. Det er soknerådet som organiserer Fasteaksjonen. Tysdag ein gong etter klokka 16 kjem det ein konfirmant eller ein vaksen på døra di med ei innsamlingsbøsse. Ta godt i mot dei!   Meir info om Fasteaksjonen HER.  
 

FaceBook
Facebook