1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Mandag 29.februar var det årsmøte i Bygdarådet, med besøk av ordførar Bjørn Laugaland.  Ordføraren held eit innlegg om ting han er oppteken av td aktiviteten i bygdene, vegprosjekter, fjordkryssing,  kommunestruktur (som han ønskjer å behalde slik den er) og kommuneplanarbeid. Det var godt frammøte på årsmøtet og det blei vald inn ein ny person i styret : Marit Wyller ! Velkommen ! For øvrig består styret av Odd Fosså, Sven Westersjø, Unni Fossaa og Rasin Tjeltveit.   Meir frå årsmøtet les du her i ÅRSMØTEREFERATET.

Eitt av prosjekta det blei informert om var STADNAMNSKILT-prosjektet. Dette heng saman med den innsamlinga det er gjort av lokale stadnamn i bygda for eit stund tilbake sidan.  Bygdarådet har fått 25 000 kr frå Sparebankstiftelsen SR-Bank til å produsere opp stadnamnskilt og setje desse ut i naturen og marknadsføre vha kart/brosjyrar. Skiltproduksjonen er alt i gong; og det er fresa ut namn på treskilt - og desse blir malt opp.  Veldig kjekt viss fleire har lyst å vere med på dette i sløydsalen - ta kontakt med Odd eller Sven i Bygdarådet Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook
Facebook