Ryfylke Visegruppe heldt ein vakker og melodiøs konsert på Jøsneset søndag kveld. Her var det godt samspel, herleg gitarklang og vakre tonar frå vokalistane. Konserten varte i ein god time - og her var det gjenhør med gamle slagerar heilt tilbake til 1981 - og nyare stoff.
Gruppa var i bygda òg for 5 år sidan - denne gongen kom dei att med både nye låtar og ny vokalist - Anita Nyman Tønnesen. Anitas vakre, mjuke klang passa veldig godt til gruppas herlege akustiske gitarspel. To av gruppemedlemmene har vore med her heilt sidan starten: Stein Endrsen gitar og Holger Austvoll gitar/vokal - i tilllegg Bjørn Aslaksen på gitar og Reidar Olsen på bass. Dette er folk som kan sine saker - og hadde dermed fortjent eit langt større publikum ein dei 23 som møtte opp i salen. Det relativt låge besøkstalet kan skuldast at det har vore tre andre konsertar i Hjelmeland denne veka. Men heldige oss som var der - Takk til Ryfylke Visegruppe !!