9.klassingane Tania og Ida inviterte søndag kveld til danseforestilliing i gymsalen - Dei to har "innsats for andre" som valfag på ungdomskulen, og har brukt høstkveldar til å instruere og trene opp dansegruppa "Little Mix". Denne novemberkvelden viste LittleMix fram sine talentfulle trinn på scenen på Jøsneset - flotte, flinke jenter: to søstre frå Åsland, to søstre frå Skiftudalen,to søstre frå Foss - og så Tania frå Tonå som også var kveldens kvikke programledar, medan lillebror Aaron var kvikk sceneteknikar! Klikk på bildet over, og du får ein liten smakebit på "Royal" - ein liten dans som Ida og Tania har koroegrafert sjølv - og lært opp heile jentegjengen. Kva anna kan me seie: BRAVO "LITTLE MIX" !!! Og PS: etterpå serverte jentene eigenproduserte kaker!!! Takk, jenter!