1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

Er du ein av dei som hugsar "fjordabåttida"? Hugsar livet på kaien, lasting og lossing, stemninga om bord dei tre timane til byen? Alt bygdeliv skjedde "via landgangen"; sauer til slakt, melkespanna til meieriet, nybaka brød i kassar til butikken, fisk ut og kassar inn, posten inn og ut, reisande folk med byærend - og nyfriserte bydamer him att.....Eller har du kanskje berre høyrd om den tida?

Her er nokre bilder frå "HJELMELANDSFJORD" sitt siste anløp på Skiftun kai - 27 sept 1978.  Kanskje du klarer å finne ein og annan du kjenner igjenWink....eller kjenner igjen bilane og traktorane?

Bildene har me fått frå Steinar Warland - sønn av skipsførar på HJELMELANDSFJORD Johan Warland, som reknar med at det er faren som er fotografen her. Denne siste dagen var NRK Rogaland "Lokalen" på plass, og Jøsneset Bygdaråd v/Lars Bog takka mannskapet for rutefarten her og Olga Hjorteland overrakte dei blomster og konfekt.

Drøsen går...sikkert om sau og krettur og fiske og frukthausting.....medan HJELMELANDSFJORD nå har lagt akterenden til for å få om bord store kjøretøy
.
Her får de Felleskjøpsbilen om bord via lause langgangar og spesialbygd kairampe

 

 

Mannskapet ! Matrosane framme i front frå venstre: Paul Olav Skiftun, Børre Lyse, Johan Larsen (maskinist) og Jon Reidar Foss,
 Bak frå venstre: Overstyrmann Johan Bø, skipsførar Johan Warland og maskinsjef Marthon Hagen bak


Jøsneset Bygdaråd v/Lars Bog takkar amnnskapet, medan Olga står klar med blomane bak i døra


DSD - Det Stavangerske Dampskipselskap har ei Facebookgruppe der dei legg ut masse bilder frå fjordabåttida - både her og andre stader. Takk til Steinar Warland som delte desse historiske bilda med oss !
Svart/kvitt-bildene er òg å finne på Digitalt Museum, og er sendt inn dit av OlgaHjorteland.

 

Skiftun Kai i dag ! Fjordabåten, hurtigbåten, butikken, posten og varehuset er borte....og folkelivet er borte.  Men fiskemottaket er utvida, småbåthamn er bygd, fruktdyrkingsmetodande er endra - og Skiftuvika er like vakker Wink

 

 

 

FaceBook
Facebook