1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Det var bra frammøte då Silje på Bøen inviterte til snegleaksjon onsdag denne veka. Ho hadde handla inn NEMASLUG og folk strøymde til med spann med sneglar i. Sneglande fekk seg eit bad i Nemaslug-blandinga. Deretter blei sneglebad-blandinga tatt med heimatt i hagane rundt om i bygda, sneglane klipt i to - og blandinga blei lagt ut som åter rundt om.  Nok ein gong eit bra initiativ,  og det må felles bekjemping til for å bli kvitt plaga.  For første gong var det òg observert brunsneglar på Åsland og i Nesvik - Folk herfra møtte opp for å "ta tak" jo før jo heller. Elles blei det god spredning rundt til Fosså, Skiftun og Knutsvik. Me må nok ha nye aksjonar òg framover - men inntil vidare - la oss håpe at me sette ein real støkkar i dei brune sneglane !

FaceBook
Facebook