1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Ta gjerne ein sommartur til den flotte gapahuken "Kalvagaren" - solid og vakker der den ligg ved Fosstemmen. Dette er eit populært turmål på Jøsneset

 

I gapahuken er det bålpanne til grilling og bord/benker både ute og inne - ta med litt grillkol og grillmat, så kan du ha middagsselskap her. Kaffekjel er på plassen og vatn i bekken - ta med ein kaffepose, så blir det kaffekos også. Fint å bade her og naturdusj i nedanfor demningen.

Utanfor gapahuken ligg to kanoar; "Kalven" og "Kvigå" - desse er til fritt utlån heile sommaren. Ta med redningsvest og vær forsiktig - og dra de godt på land etterpå og legg årane under/under tak -  men elles kos deg så masse du orkar !

Det er merka turløype til Fosstemmen frå Åsland og Foss. Frå Foss kan ein følgje skogsveg heilt opp, så er du litt sprek eller har godt "skubbe-lag" i motbakkane, så går det fint an å gå opp til Fosstemmen med barnevogn Wink


Og veit dokke: "Kalvagaren" er òg poplært overnattingstilbod - veldig friluftsaktig på benkene rundt bålet i den halv-opne gapahuken. Allereie har mange av barna/tenåringane i bygda overnatta her denne sesongen !

Reglar som er viktig å følgje er: RYDD fint opp etter deg! Ta med søppel og rot heim!! Ta omsyn til  trær, planter og naturen rundt deg !!

Og igjen: Kos deg så masse du kan :-)

 

FaceBook
Facebook