1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Joda, det er til tider stor møtevirksomhet i bygda, og møteromma opptekne, så torsdagskveld havna Bygderådet i dusjen i gymbygget. Ja,ja....i garderoben då; men veien var kort om ein ville kombinert møtet med ein dusj. Dei mørkegrøne 70-tals fargane på veggene  og dei festlege fleirfarga 80-tals gardinene gjorde sitt til at møteeffektiviten steig.  Men kaffe blei servert; og det som var tema på møtet var framtida til dei forlatte skulbygningane. Kommunen førebur ei sak om forlatte kommunale bygg i fleire bygder; og Bygdarådet har fått ein del spørsmål ift brukarar, aktivitetar, drift og økonomi knytt til bygningsmassen.  Dette blir òg sak på Bygdarådet sitt årsmøte den 3.mars kl 19.00 - så møt opp og bli med å diskuter framtida til skulebygga !! NB: Årsmøtet blir IKKJE i dusjen, men i TRIVSESTOVA Wink

FaceBook
Facebook