1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Endeleg kom kvelden små vampyrar, hekser, spøkelser og andre skumle småkryp hadde venta på ! Folk i bygda venta smånervøse på besøk, og dei fleste hadde godteskåla klar så dei slapp å bli gjort om til ei padde eller få huset hjemsøkt av grusomme gjenferd

Ingen vil vel terga opp denne gjengen?

 

Etter å ha sett ein støkk i bygdafolket samla småskrømta seg i Trivselsstova for å nyta byttet sitt. Ingen var plaga med lågt blodsukker denne kvelden!

Du ser at den vesle heksa meiner alvor!

Eit par av dei fæle gamle heksene i bygda hadde kokt saman ein skummel, slimete gelè og baud på eit glas blod eller to. Det gjekk ned på høgkant!

 Etter fleire rundar  speling av "Mafia" og inntak av kilovis med smågodt var den grusomme gjengen klare for å krypa tilbake til holene sine. Neste år på same tid dukkar dei nok opp att!

Sjefsheksa

 

 

FaceBook
Facebook