1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Det 3-årige bulyst-prosjektet "Hjelmeland 24/7" ble denne veka avslutta med ei samling for frivillige lag på Hjelmeland Samfunnshus. Alle dei 5 ulike arbeidsgruppene - deriblandt Jøsneset - presenterte sine prosjekt. Utan tvil: mykje spennande er skapt ila desse tre åra. Men det gledelegaste er kanskje at mykje av det gode arbeidet fortset i ein eller annan form

På bildet får dei 5 representantane frå gruppene overrekt godhelsing og blomar frå Ordføraren som takk for innsats og lykke til vidare. Prosjektleiar: Åsmund Sigmundstad. Alle gruppene presentere sine prosjekt:  Møteplassar i naturen for Jøsneset og Årdal; Ungdomsteateret, Bygdekvinnelaget og Samfunnshuset. Dei 5 gruppene har gjort nokså ulike ting - men alle har fått eit "løft" og inspirasjon og mot til å arbeide vidare. På den måten må bulystprosjektet seiast å vere svært vellykka.


Frå Jøsneset har Ingeborg Westersjø vore med i styringsgruppa, og ho presenterte òg Jøsneset sitt bidrag på vegne av Jøsneset Helselag og Jøsneset Bygdaråd. I korte drag kan me nemne:

- bord og benker som er tilført dei mest populære turpostane våre: bord/benk på Håvehammar og Fosstemmen, og benker på Brynå og Nesdalsfjellet.....med tilhøyrande happening og kakefest på Håvehammar.

- innkjøp av to kanoar: dei ligg nå ved Fosstemmen til fri benyttelse av alle turfolk. Også i samband med desse blei det to arrangement: eitt i Skiftuvika med kapp-padling og mat/kos og eitt arrangement ved Fosstemmen der kanoane blei døypte til "Kalven" og "Kvigå" etter namnekonkurransen  i sommar. Også her blei det padling og grilling og kos i "Kalvagaren".

- Hanne Sørvaag-konsert og Smashing Jøsneset: dette siste var det største løftet òg reint dugnadsmessig. Arbeidsgruppa på Jøsneset avgjorde at de ikkje berre vil tilføre konkrete ting i proesjektet, men òg skape ei varig oppleving og ein møtestad ute for alle folk - noko som òg kunne nå ut til nabobygder og regionen.  Konserten og opplevingane kring den var så vellykka - at alt neste dag fabla dugnadsfolket om ein liknande konsert til neste år. Hanne Sørvaag ga altså inspirasjon !!

La oss nyte "My heart is Yours" av og med smashing Hanne Sørvaag som ho sang her på Jøsneset.... Sjekk dei mørke skyene som stod som ein vegg rundt Jøsneset heile denne dagen ....og sjekk kva som kom medan ho song.....ja, då kom sola Wink

 

.be">
.be

 Undervegs i dette bulyst-arbeidet blei det nedsett ei eiga lokal bulystgruppe via Bygdarådet - denne gruppa vil arbeide vidare med bulystfremjande tiltak og fekk mange gode idear på den Internasjonale Vaffeldagen i Trivselstova. Slik sett lever bulystarbeidet vidare her i bygda!

 

FaceBook
Facebook