1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Svein Hauge har ikkje berre gått på Jøsneset skule som elev, han er òg oppvaksen på skulebygget - der som nå barnehagen er! Han er dessutan son til Lærar Andreas Hauge - så Svein er karen som fekk  "full dose" Jøsneset skule gjennom heile barndommen i etterkrigsåra.

Faren Andreas var heilt aleine som lærar på skulen i mange, mange år - så svært mange har minner frå hans "regjeringstid" Wink. På avslutningsfesten kjem Svein og fortel om livet på skulehuset og om sitt barndoms rike !!  Ja, og Svein får godt lag!!. Det er mange påmeldte til festen i alle generasjonar; så her vil nok alle møte nokon av sine jamnaldringar.  Festkomiteen gjer sine siste førebuingar - og alle "gru-gledar" seg!! Me gjer vårt beste for at dette blir ein flott kveld!

FaceBook
Facebook