1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Ferjekrasj og trafikk-krøll......"vær"-dagen må gå sin gang for det! Og då er det ein fordel med fleksible og praktiske retta skysskarar som Helgøyen og Co. Det fekk sauebøndene Ingeborg og Sven erfare: som hadde kjøpt to værar på Hjelmeland. I staden for å ta lastebilen med på ferja frå Nesvik til Tau, og deretter kjøre til Hjelmeland for å hente værane, for deretter å kjøre tilbake til Tau og ta ferja til Nesvik(nesten ei dagsreise), spurte Sven om værane fekk reise med hurtigbåten: Å ja !! Det var jo klart !! De går som barn; repliserte Helgøyen


Som sagt, så gjort. Det blei ein spennande lørdags-kveld for dei to Hjelmelands-værane. Aldri vore ute å ferdast slik før ! Og mon det var någen flotte Jøsnes-søyer i vente på nordsiå?? De trippa forventningsfulle ned langgangen.

 


Vel ombord på dekk. Mon de sko bli båtsjuke å få akutt anfall av diarè? Hadde Sven bleiene klar?
Eventuelt; kven sko spyla dekk?? Heldigvis var fjorden stille og overfarten rask; så ja, det gjekk visst godt!

 


Herleg!! Vel framme i bingen på Foss !! Wow !! Her var det virkeleg mange lekre ull-kledde "damer" som trippa og smigra og gjorde seg til !  Slett ikkje VÆRST å VÆRE  VÆR i kveld Laughing VÆR du sikkert....dette endar nok med mange flotte lam på Foss til vårenWink

 

Foto: Kristiane og Sven Westersjø

FaceBook
Facebook