Denne veka gjekk dei 6 konfirmantane i bygda rundt frå hus til hus med bøsser: innsamling til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon. Det var Helga Havnerås som kooridinerte innsamlinga og som frakta bøssene vidare. Ho fortel at dei samla inn kr 5 666,- her på Jøsneset. Og konfirmantane fortel at dei blei tatt godt imot hjå folk. Så ein isande kald dag til trass: dei fekk varm velkomst! Takk til alle som bidrog.
Nytt frå Strandbuen
- Politi og ambulanse rykka ut til ulykke
- Fredag barkar Fredrik og Vidar saman i lokaloppgjer: – Ekstra kjekt å møta nevøen
- Slik såg det ut då bussen kjørte seg fast
- Foreldre fortviler over skuleskyssen – denne veka kjørte bussen seg fast
- Vil at datasenter på dette området skal gjøre et folkebad mulig