1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Arbeidet går framover! Folk har vore å jobba på bygget både lørdag, søndag, mandag og nå i kveld tysdag var det 8 stk på plass på fellesdugnad  i +/- 3 timar. Mesteparten på framsida blei skrapt, og det blei malt vidare på baksida.  Det er framleis mykje arbeid som gjenstår. Det blir NY FELLESDUGNAD på TORSDAG 20.JUNI kl 17.00 og utover kvelden (meldt bra vær) -

Det trengs bidrag frå alle som kan og vil: Dersom du heller vil gå å male på eigenhand utanom oppsette tider, så er det veldig bra!! Utstyr står klar i kjellaren og stigar og stilas er på plass. Gi bare ei melding til Unni 403 94 743.


Det er mange flater som skrik etter maling, og det skal malast både frå bakkenivå og frå stilashøgdar. Her tar Ellen Mari seg av rekkverket utanfor Trivelstova. 

Gamleskulen kjem til å bli VELDIG fin til slutt - bli med å gjer DIN innsats på dette tradisjonsrike, særprega bygget midt i bygda vår !

Jøsneset Bygdaråd

FaceBook
Facebook