Siste nytt
Her vil me oppdatera deg på stort og smått som skjer rundt oss:
Styremøte Bygdarådet
Til info: styremøte 22.januar – Grendahuset Saksliste:– Godkjenning av forrige møtereferat– Orienteringssaker – Årsmøteplanlegging –[…]
Yoga i gymsalen
Sju onsdagskveldar frå kl 20.00- ca 21.30 i tidsrommet 8.januar til og med 19 februar[…]
Nye hurtigbåtruter 2025
Me minner om at hurtigbåtrutene er endra frå 2025. På Kolumbus si heimeside finn du:dei[…]
Byggja og bu
På Jøsneset er det eit spreidd bumønster, med frådelte bustadeigedommar innimellom gardsbruka i grendene. I kommuneplanen er det lagt til rette for spreidd bustadbygging, så me har plass til fleire viss du vil bli ein av oss.
TOMTER OG HUSGrendasenteret
Midt i bygda finn du Grendasenteret. Tidligare var dette anlegget skule og barnehage, men nå er det kultur- og aktivitetssenter for bygda.
Skulebygget
I Skulebygget finn du Trivselsstova, Bokrommet og Kontorfellesskapet.
Gymbygget
I Gymbygget finn du Grendahuset, Treningsrommet, Gymsalen og scene.
Ballbinge og leikeplass
I tunet på Grendasenteret finn du både ballbinge og leikeplass.
Grendahuset
Lokala i Grendahuset kan nyttast til både private og offentlige arrangement.
Treningsrommet
Treningsanlegget kan nyttast av alle, og der kan du trene når det passar deg.
Trivselsstova
Trivselsstova er eit kjekt lite lokale der ein kan ha møte eller private arrangement.
Bokrommet
Bokrommet har bøker for alle aldrar og interesser. Her kan du òg finna brettspel.
Kontorfellesskap
I det gamle klasserommet til småskulen er det nå tre kontorplassar til utleige.
Scenar
På Jøsneset er me så heldige at me har to scenar: Både inne-scene og ute-scene.
Frivillige lag
Til tross for at folketalet ikkje er så svimlande høgt, er det lite å sei på aktivitetsnivået. Det finnes fleire lag og foreningar som jobbar for å skape trivsel og eit godt samfunn for både store og små.
Å vera med på
Gjennom heile året er det ting å vera med på her på Jøsneset. Her kan du lesa meir om nokre av dei faste arrangementa me pleier å ha.
Éin onsdag i månaden:
Strikkekveldar
Velkommen til uformelt treff, med eller utan strikketøy.
LES MEIR →