Historie

Eldre tid

Jøsneset si historie kan førast fleire tusen år tilbake i tid. Det er gjort steinalderfunn i Nesvik, på Fosså og i Knutsvik, som mange andre stader langs fjordstrendene i Hjelmeland. Dei første steinaldermenneska var nomadar, men gradvis gjekk det over til fast gardsbusetnad. Vi reknar med at budde folk på fem matrikkelgardar på Jøsneset kring år 1000 e.Kr. Dei fem var Knustvik, Skiftun, Asheim, Åsland og Foss. Truleg er busetjinga eldst på dei tre sistnemnde.

I perioden 1000-1350 reknar vi med at Fosså, Nesvik og Eiane i tillegg vart busette gardar. Men i generasjonane etter Svartedauen i 1350 vart desse tre liggjande øyde, og det tok eit par hundre år før dei kom i vanleg drift igjen.

Storfolk på Foss

Garden Foss er ein av få gardar som er nemnt i skriftlege kjelder i mellomdalderen. Herr Olav er nemnd kring 1300. Han var riddar og høyrde til adelsstanden i landet. Jørund Arneson og kona Gyrid Hallbjørnsdotter budde her på slutten av 1300-talet. Foss-folket var storfolk og store jordeigarar. Dei gardane og gardpartane dei åtte vart kalla Foss-godset.  Òg  i hundreåra som følgde høyrde folket på Foss til på toppen av bygdesamfunnet. Mellom 1668 og 1720 var fem menn frå Foss lensmenn i Hjelmeland. Fosså og Nesvik vart drivne som underbruk under Foss.

Skrivargarden Knutsvik

Søra Knutsvik var ein annan gard med storfolk på. Denne garden var skrivargard på 1700-talet. To sorenskrivarar i Ryfylke budde då her. Det var Morten Petersen Rødder frå 1722 til 1757 og Georg Daniel Barth frå 1757 til 1782. Med fjorden som viktigaste ferdselsåre låg Knutsvik sentralt i Ryfylke.

Offiserar

Òg på andre gardar budde det ei tid folk utanfor bondestanden. Dei var militære offiserar. På Fosså budde familien Tausan i to generasjonar, og i Nesvik først kaptein Gran, seinare to generasjonar Weltzin.

Hendingar i bygdehistoria

Jøsneset skule vart bygd på Skiftun i 1893. Det var skuledrift her fram til 2014. 

Jøsneset bedehus vart bygt i 1913,og er det eldste noverande bedehus i drift i Hjelmeland kommune.

I rutebåtane si storhetstid var det tre kaiar på Jøsneset – i Knutsvik, på Skiftun og i Nesvik.
Postkort frå Skiftun kai – truleg rundt 1900-talet, Kjelde: Ryfylkemuseet/Olga Hjorteland

Postvegen frå Nesvik til Knutsvik vart bygt ferdig i 1923.
Riksveg fram til bygda kom ikkje før i 1980. Då var vegen frå Vindsvik til Nesvik ferdig. Ferja over Jøsenfjorden, som hadde gått frå Vindsvik til Tøtlandsvik frå 1965 til 1990, vart då flytta til sambandet Nesvik-Hjelmeland.


Parti frå Skiftun – Ryfylke – Prospektkort – Lars Olsens Forlag Stavanger,

Kraftverket på Jøsneset

Førebuingane til å byggje eige kraftverk på Jøsneset starta i 1946. Namnet blei Jøsneset kraftverk A/L
For å samle nok vatn, blei det bygd 4 demningar. Det var Inntaksdammen, Fosstemmen, Krokavatnet og Skiftunstølvatnet. Dei 3 førstnemnde blei bygde først, medan Skiftunstølvatnet blei bygd litt seinare.

Den ytterste demningen, som ligg like på kanten der ein kan sjå ned til Foss, blei kalla Inntaksdammen. Dette var, som namnet seier, berre ein liten demning der ein kunne leia vatnet inn i ei røyrgate som gjekk ned til Krokane. Vatnmengda i Inntaksstemmen var berre nok til 1 t 20 minuttars full drift ved kraftverket. Sjølv om Inntaksdammen var liten, var den av stor betydning. Nils Foss, som hadde tilsynet med demningane, måtte heile tida sørgje for at det var noko vatn her. Det gjorde han ved å regulere på luka i Fosstemmen. Høgdeforskjellen mellom Foss og Inntaksstemmen var på 225 m, og kraftverket kunne ved topp drift levere 125 kwh. Dette skulle rekke til 70 husstandar, så det blei ikkje mykje på kvar.

Kraftverket som stod i Krokane på Foss byrja å levere straum i sept. 1949, og var i drift fram til 11. okt 1966.

Grunnen til at kraftverket fekk så kort levetid, var at det frå første stund var store problem med å halde demningane i orden. Både Krokarstemmen og Skiftunstølvatnet hadde lekkasjar som var vanskelege å tette. Dessutan blei det produsert for lite straum til dei stadig meirkrevjande brukarane.

Om vintrane blei det ofte problem når det var kalde vintrar. F. eks var straumen borte i opp til to månadar. To slike kalde vintrar var i 1963 og 1966.

Då kraftverket blei nedlagt i 1966, blei bygda kopla opp med straumkabel frå Ombo.

 
Fosstemmen 1949 – Foto: Elen Fossaa – Ryfylkemuseet.


Pause i demningsbygninga: framme med pipe Karl Roaldkvam, bak Nils Foss og til høgre Kjetil Hjorteland.  Original foto: Elen Fossaa – Ryfylkemuseet. 

Krokastemmen 1949: Kjetil Hjorteland, Nils Foss og Karl Roaldkvam – original foto Elen Fossaa, Ryfylkesmuseet


Familiebilde frå hagen – Fosså – originalbilde Elen Fossaa / Ryfylkemuseet


Bygging av Krokastemmen 1949, Kjetil Hjorteland, Nils Foss og Karl Roaldkvam – originalfoto Elen Fossaa – Ryfylkemuseet


Bnr 1 på Skiftun – gard nå i eige av Inge Torkel Skiftun). Familien Skiftun framfor gardshuset: døtrene Berta og Georga, mora Eli og faren Olav, sønene Olaf og Edvard
Fotograf: Børre Mathias Norland, eigar av original Olav Foss – Ryfylkemuseet.


Blid gjeng framfor bedehuset …..me vil gjerne ha namn på alle, òg på bilda nedanfor som me fekk i samband med skuleavslutninga 

Foto: Martha Hauge


Småskulen Jøsneset, Foto: Martha Hauge


Frå venstre: Odd Magne Åsland, Jostein Hjorteland, Torkel Nesvik, Margareth Ann Hagen, Inge Torkel Skiftun, Kurt Åsland og Lars Reidar Nesvik
17 mai på Jøsneset bedehus -saman med lærar Magnhild Meltveit Kleppa. Foto: Olga Hjorteland


skuleelevar ved Jøsneset skule – foto: Jon Birger Foss

Vonå

VONÅ heng nøye saman med Jøsneset Ungdomslag si historie. VONÅ er namnet på ”notatboka” som blei sendt på omgang til medlemmene i laget. Den enkelte fekk i oppdrag å skrive i boka, og dette blei opplese på neste Ungdomslagsmøte.  Her er det masse variert og særprega lesestoff.  Nokre av historiene er  fantasi, medan andre historier er sanne, men med ei viss anonymisering av person- og stadnavn. Dei fleste stykka er skrevne under pseudonym, og ein del er skrevne som rimeregler.

Jøsneset Ungdomslag blei stifta i 1895 og  har såleis ei lang historie. Skriftlege kjelder frå dei aller første åra har me ikkje.

Men første utgåve av VONÅ er faktisk så gammal som frå 1903 – sirlig handskrive i blekk.
Her er dei tre første historiene frå 1903

Totalt er det 9 utgåver av VONÅ, den siste frå 1957.  VONÅ har såleis fulgt bygda gjennom skiftande tider, og fortel litt av kvart om vår heilt nære lokalhistorie.

Historiene utartar seg stort sett frå bygdemiljøet på Jøsneset, og tema som flørting og spillopper var den gong òg tydeleg populært blant dei unge.   VONÅ fungerte på ein måte som ei blanding av lokalavis og ein snill, lokal form for ”se og hør”……eller kanskje helst som dåtidas form for ”nettside” – der ein kunne legge ut nyhende og stoff som blei tilgjengelig for alle.  På Ungdomslagsmøta var opplesing frå VONÅ gjerne kveldens høgdepunkt; eit svært populært innslag, til glede og munterhet i kvardagen på bygda.

Desse gamle, handskrivne og verdifulle bøkene eksisterer ennå ! Me har dei godt innelåst i ein brannsikker safe, og Ungdomslaget har planar om å få dei skanna og arkivert skikkelig.

Ungdomslaget har følgjande utgåver av VONÅ:

1.    1903-1923
2.    1923- 1925
3.    1928-1929
4.    1929-1930
5.    1930-1938
6.    1938-1939
7.    1945-1950
8.    1950-1951
9.    1951-1957

I tillegg er det mange referatbøker, kassabøker og programbøker.

Ungdomslaget sin aktivitet opp gjennom åra

I mellomkrigsåra hadde dei relativt hyppige Ungdomslagsmøte, gjerne kvar 14. dag. Referata frå desse møta speglar samfunnslivet på den tida på ein artig måte.  Møta hadde ein del faste innslag: t.d. alltid song og opplesing frå  VONÅ.  Ofte hadde de debatter, føredrag eller diktopplesing. Debattane fungerte slik at de hadde eit tema som skulle drøftas, og det var valt to innleiarar som representerte kvart sitt syn i saken. Desse la grunnlaget for debatten.   

Elles var det òg ofte føredrag om ulike tema, og som oftast var det kjente personar frå bygdemiljøet som helt føredraga.

Laget arrangerte òg ofte festar og sosiale treff. Aktiviteten var altså høg i Jøsneset Ungdomslag i mellomkrigsåra.   Som oversikten viser, så har ein ikkje VONÅ frå sjølve krigsåra, så det kan tyde på at aktiviteten var heller laber då.

Men då krigen var slutt, var det igjen full aktivitet i laget. T.d. var det i perioden etter 2. verdskrig at Ungdomslaget sette i gong kronerulling, tok det store løftet og fekk bygd opp eit eige Ungdomshus. Ein flott dugnadsinnsats frå mange i bygda.  Ungdomshuset blei kalla Mostun, og blei opna med ein flott fest i januar 1953.  I åra framover var dette tilhaldstaden til ungdommane i bygda, og skal me tru VONÅ og referatbøkene,  så blei det skipa i stand mange festlege og sosiale arrangement i dette lokalet.  Ungdomshuset brann diverre ned i 1970, og det har sidan aldri lykkast laget å etablere eigne lokale igjen.

Men forsikringspengane frå 70-talet har stått på sperra bankkonto i alle desse år. Ulike forslag har opp gjennom 80-90 talet vorte lansert, for å bruke pengane til nytt grendehus. Utover 80-90-talet var Ungdomslaget ein aktiv arrangør av t.d. dansetilstellingar. Overskotet frå desse arrangementa vart satt inn på same konto med tanke på eit framtidig grendehus.

Akkurat nå i 2008 er det på ny aktuell spenning rundt Ungdomslaget sine forsikringspengar. Ein har nå gått vekk frå tanken om eige hus, men ønskjer å vidareutvikle gymsalen som vår tids forsamlingslokale – kombinert med skulen. I eit ekstraordinært årsmøte blei det vedtatt at Ungdomslaget skal gå inn med kr 250 000,- (+ inntil 10 % om naudsynt for realiseringa) for å få bygd scene til gymsalen. Det er nå kjøpt grunn til utbygginga, byggeteikningane er godkjent – og det gjenstår kun bygging. Pr okt 2008 har det ikkje lykkast å få tak i tømmermenn som har tid å ta utbygginga, men grunnentreprenør og elektromontør er på plass. Det jobbast intenst med saka – og me håpar på ei realisering ila vinteren 09.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.