Jøsneset bedehus tilhøyrer bygda, og alle med bustadadresse på Jøsneset er derfor «eigarar» av huset.
Det blir drifta av eit styre som har til oppgåve å sjå til at huset blir halde vedlike både ute og inne. I tillegg skal styret sørgje for at bedehuset har økonomi til å dekkje utgifter til drift og vedlikehald. Det gjer vi ved t.d å ha basar og adventssamling.
Dei som er i styret no er:
Ellen Mari Fosså , leiar,
Trygve Brandal, sekretær,
Hanne Tjeltveit, Helga Haverås og Anne Tjeltveit er styremedlemmer.
Elsa Altamirano er vara.