Fakta om Jøsneset

Jøsneset er ei halvøy, omgitt av tre fjordar: Jøsenfjorden i sør, Ombofjorden i vest og Erfjord i nord. Omtrent all busetnad er konsentrert i grendene i vestre del av halvøya, med unntak av Bastlid og Eiane. Jøsnesbygda ligg i Hjelmeland kommune.

På Jøsneset er det ingen byggefelt. Her bur folk spreidd; på gardar/småbruk og frådelte bustadeigedommar. Totalt er det snautt 70 husstandar. Ein god del har arbeidsplassane sine i bygda; på garden, fiskebåten, skulen, barnehagen eller i andre private næringsverksemder. Men det er òg mange som pendlar, og dei fleste pendlar då over fjorden til Hjelmeland.

Gardane og busetnaden ligg frå sjøen og opp til 250 m.oh. Det er òg fin høghei på Jøsneset: Herefjellet, Fossmarka, Valafjellet, Røssenibben, og den høgaste nuten av alle heiter Gunlanuten. Denne ligg 829 moh, og herfra er det vid utsikt utover Ryfylkebassenget og innover fjellheimane i aust. Det er merka og tilrettelagt for mange turstiar på Jøsneset.

Elles er det over 100 fritidsbustader i bygda, slik at påske og sommar aukar folketalet monaleg.

Litt om grendene

Knutsvik er den nordlegaste grenda i bygda. Her er det 4-5 gardsbruk, og mesteparten av fritidsbustadane i bygda er konsentrert i felt nordover mot Øygarden. Knutsvik ligg attraktivt til nær sjøen, med flott utsikt vestover den vide Nedstrandsfjorden.

Asheim/Åsland: dette er den delen av bygda som ligg høgast over sjøflata, og dei som er busett oppover her har verkeleg utsiktstomter. Den kommunale vegen svingar seg oppover i det bratte terrenget heilt til Åsland, der dei tre øvste gardane ligg ca 250 m.o.h. Åsland er såleis eit populært utgangspunkt for fine heiaturar, t.d. til Herefjellet som ligg like ovanfor.

Skiftun. Tidlegare var det både post, butikk og rutebåtkai her, og dermed var Skiftun bygda sitt sentrum. Endringar i kommunikasjonsmønsteret har snudd på dette. Men ettersom ein finn Grendasenteret her, så er Skiftungrenda framleis eit slags sentrum i bygda. Gymsalen fungerer som bygda si ”storstove”, og møtelokalet Trivselsstova er òg blitt ein populær møtestad. Elles er grenda prega av aktive gardsbruk, fruktdyrking, fiskemottak og badestrand.

Foss: Grenda Foss er ein vid dal omgitt av bratte liar. Her finn ein aktive gardsbruk, blomegartneri og kraftverk som nyttar vasskrafta frå elva. Foss er òg eit viktig utgangspunkt for turar opp i heia: herfra går det ein skogsveg oppover dei grøne bakkane, heilt inn til skoggrensa ved Skiftunstølen.

Fosså: denne grenda ligg ved utløpet av Fossånå, og gardsbruka her ligg nær sjøen. På Fosså finn ein tomat- og agurkgartneri, fruktdyrking og beitande sauar omkring på bøane. Like utanfor Fosså ligg eit av Mowi sine store lakseoppdrettsanlegg.

Nesvik: dette er grenda som er blitt det store trafikk-knutepunktet. På slutten av 80-talet fekk bygda vegsamband innover fjorden, og i 1991 vart ferjesambandet Nesvik-Hjelmeland opna. Her er òg hurtigbåtanløp. Her finn ein òg ei stor småbåthamn og ei fin lita badestrand.

Bastlid og Eiane: Desse to stadane ligg ved Rv 13 langs Jøsenfjorden.

Garden Eiane ligg lengst inne, nesten ei mil innanfor Nesvik. Eiane høyrer i dag til Jøsneset skulekrins, men slik har det ikkje vore alltid. Frå gammalt av høyrde Eiane til Vormedalen skulekrins. Den generasjonen som gjekk på skule i 1960-åra gjekk på skule i Erfjord. Etter at vegen frå Eiane til Jøsneset var ferdig, var det naturleg med skulegang der. Garden er i full drift, og det vert drive med fruktdyrking samt sau og skog. Frå gammalt av vart Eiane rekna som ein god skogagard. Eiane er omgitt av frodige frukthagar, og ofte kan ein sjå lange stablar med bjørkeved i vegkanten – eit teikn på stdig aktiv skogshogst.

Bastlid ligg langt nærare Nesvik, og her det ein fast busett, og fleire fritidsbustader. Her finn ein òg eit av Marine Harvest sine store oppdretts-anlegg for laks. Frå Bastlid går det ein tursti over til Foss. Dette var den gamle skulevegen for barna i Bastlid i gamle dagar. Bastlid er òg utgangspunkt for tur til Røssenibben.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.