På Jøsneset er det eit rikt nettverk av merka turstiar, og her har Jøsneset Helselag 10 turpostar med turbøker i.
Når du besøker turposten, skriv du inn namn og kontaktinfo. Då er du med i trekninga av gåvekort på Jøsneset Helselag sitt årsmøte.
Helselaget har turpostar på følgjande plasser, som du òg finn igjen på turkartet:
GUNLANUTEN
RØSSENIBBEN
VALAFJELLET
NORDA HØGASTE
TAUSANIBBA
FOSSTEMMEN
HÅVEHAMMAR (både barnebok og vaksenbok)
BRYNÅ (både barnebok og vaksenbok)
NESDALSFJELL (både barnebok og vaksenbok)
HØGAFJELL
Vi håper alle som brukar turstiane tek eit ansvar for å rette på skilt som bles ned, henge opp att merkepinnar o.a. «småplukk» slik at turstiane er i orden.
Turtifadrar:
Turstinettet blir drifta kun ved frivillig innsats, og dei ulike løypene har ulike ansvarlege. Dei er med å sørger for at løypene er merka og skilta.
Feil og/eller manglar kan meldast til desse eller til tursti-koordinator for Helselaget: Svanhild Hjorteland Gbada 97 00 76 36