Jøsneset er solbygda i fjord- og øyriket Ryfylke.

OM JØSNESETNÆRINGSLIVHISTORIEOVERNATTINGSTADNAMN

Siste nytt

Her vil me oppdatera deg på stort og smått som skjer rundt oss:

Byggja og bu

På Jøsneset er det eit spreidd bumønster, med frådelte bustadeigedommar innimellom gardsbruka i grendene. I kommuneplanen er det lagt til rette for spreidd bustadbygging, så me har plass til fleire viss du vil bli ein av oss.

TOMTER OG HUS

Grendasenteret

Midt i bygda finn du Grendasenteret. Tidligare var dette anlegget skule og barnehage, men nå er det kultur- og aktivitetssenter for bygda.

Skulebygget

I Skulebygget finn du Trivselsstova, Bokrommet og Kontorfellesskapet.

Gymbygget

I Gymbygget finn du Grendahuset, Treningsrommet, Gymsalen og scene.

Ballbinge og leikeplass

I tunet på Grendasenteret finn du både ballbinge og leikeplass.

Grendahuset

Lokala i Grendahuset kan nyttast til både private og offentlige arrangement.

Treningsrommet

Treningsanlegget kan nyttast av alle, og der kan du trene når det passar deg.

Trivselsstova

Trivselsstova er eit kjekt lite lokale der ein kan ha møte eller private arrangement. 

Bokrommet

Bokrommet har bøker for alle aldrar og interesser. Her kan du òg finna brettspel.

Kontorfellesskap

I det gamle klasserommet til småskulen er det nå tre kontorplassar til utleige.

Scenar

På Jøsneset er me så heldige at me har to scenar: Både inne-scene og ute-scene.

Ut på tur

På Jøsneset er det mange gode turmoglegheiter, frå traktorvegar i låglandet til snaufjell og markante nutar.

TURKARTTURPOSTARGAPAHUKEN

Frivillige lag

Til tross for at folketalet ikkje er så svimlande høgt, er det lite å sei på aktivitetsnivået. Det finnes fleire lag og foreningar som jobbar for å skape trivsel og eit godt samfunn for både store og små.

Bygdarådet

Bygdarådet jobbar for å fremja og ivareta allmenne interesser.

LES MEIR OM BYGDARÅDET

Helselaget

Jøsneset Helselag står bak fleire folkehelsetiltak på Jøsneset.

LES MEIR OM HELSELAGET

Bedehuset

Alle med bustadadresse på Jøsneset er «eigarar» av bedehuset.

LES MEIR OM BEDEHUSET

Å vera med på

Gjennom heile året er det ting å vera med på her på Jøsneset. Her kan du lesa meir om nokre av dei faste arrangementa me pleier å ha.

17. mai:

Grunnlovsdagen

Felles 17. mai-feiring ved Grendasenteret.

LES MEIR →

1. pinsedag:

Hardhausen

Turarrangement til dei høgaste toppane på Jøsneset.

LES MEIR →

23. juni:

Jonsokfeiring

Felles feiring av St. Hans, eller Jonsok, som me seier.

LES MEIR →

1. laurdag i august:

Smashing Jøsneset

Musikkfestival på utescenen ved Grendasenteret.

LES MEIR →

1. onsdag i månaden:

Boksirkel

Møteplass for dei som likar å lesa og diskutera bøker.

LES MEIR →

Éin onsdag i månaden:

Strikkekveldar

Velkommen til uformelt treff, med eller utan strikketøy.

LES MEIR →

Kvar torsdag:

Torsdagstrim

Felles trening av kondisjon, styrke og gode strekkøvingar.

LES MEIR →

Onsdag i påskeveka:

Bedehusbasar

Basar til inntekt for drift av bedehuset.

LES MEIR →