Siste nytt

Årsmøte Jøsneset Bedehus

Innkalling til årsmøte på Grendahuset mandag 11. mars kl 18.30Rett før årsmøtet til Jøsneset Bygdaråd som starer kl 19.00  Saksliste:1. Godkjenning av innkalling2. Val av møteleiar og to til å skriva under årsmøtereferatet3. Godkjenning av årsmelding for 20234. Godkjenning av rekneskap for 2023 og budsjett for 20245. Val6. Informasjon om inngangspartiet7. Innkomne saker Viss nokon …

Bygdarådet sitt årsmøte 11. mars

Mandag 11. mars blir det årsmøte i Jøsneset Bygdaråd på Grendahuset klokka 19.  Sakliste: 1. Val av møteleiar 2. Godkjenning av innkalling og sakliste 3. Årsmelding for Jøsneset Bygdaråd  2023 4. Rekneskap og budsjett for Jøsneset Bygdaråd 2023 5. Val 6. Diverse orienteringar 7. Eventuelt Dersom ein har saker som det er ønske om å …

Velkommen til Smashing Jøsneset 3. august

3. august kan du høyra både Return og Loveguns på utescenen på Jøsneset.

Velkommen til sol(celle)bygda !

Kva er vel meir naturleg på «Velkommen til solbygda Jøsneset»- tavla vår i Nesvikbakken enn eit solcellepanel som gir lys på skiltet og svingen her.  Ideen om lys på tavla oppstod ……. …under julelys-monteringa (det har vore julelys-lenke rundt skiltet i vinter).  Halvor Halvorsen på Nesvikbøen er Nesviks svar på Reodor Felgen. Ikkje berre er …

Set av datoen 7.mars

Velkommen til årsmøte i Jøsneset Helselag. Det blir vanlege årsmøtesaker, trekning i turbøkene og god mat/kaffe. Eventuell innmelding av saker til årsmøtet kan sendast til helselaget@josneset.no v/ leiar Berit T. Skiftun innan 22.02.24 Denne kvelden får me òg besøk av Arnt Ove Skogly. Han er verkeleg litt av ein turentusiast. I tillegg til å drive nettsida …

Kontaktmøte med MOWI

MOWI inviterer til nabomøte tysdag 13. februar klokka 17 på Jøsneset Grendahus.   MOWI driv oppdrett av laks på sjølokalitetane Fosså, Bastli og Vindsvik i Hjelmeland kommune, i tillegg til regionskontor og fabrikk. MOWI ønsker ein god dialog med lokalsamfunnet, mellom anna gjennom årlege nabomøter. Dersom du ønsker å delta på møtet og/eller har innspel til …

Trygg is og flotte forhold

Isen har lagt seg i det kalde vêret, og det blir meld om fine forhold for skeising både på Fosstemmen og Eiatjødna (på biletet). Det fine og kalde vintervêret skal halde seg ei god stund til, så det er berre å pakka skeisene og sikta mot ny verdensrekord.  

Frisk start på turåret 2024

Fleire personar var i aksjon i vindfulle nyttårshelga, og nå er alle turbøkene i låglandet bytta ! Då er det berre å setje igong å samle nye turbesøk på desse turpostane:  Nesdalsfjell, Fosstemmen, Håvehammar, Brynå, Tausanibbå og Høgafjell.   Turbøkene i høgheiå blir bytta når vær og føre tillet det. Også i 2023 gjekk Nesdalsfjell av …

Hundjakke funnen !

Denne hundedressen blei funne nederst i Kringlemyrskaret på tursti inn mot Bastli.  Nokon som kjenner til den? Kontakt Elsa Nesvik Altamirano 951 56 137

Hurra for Lussekatt-servering på MS Nesvik !

Har de lagt merke til kor fint julepynta det er på ferja vår MS Nesvik ? Juletre, glitter, stjerner…..Og ikkje nok med det: I anledning Luciadagen serverte matros Gunn Kleppa nybakte Lussekatter til dei reisande !! Det kallar me flott service, og noko som trøtte pendlarar set pris på  !! Takk  – Ho fortel òg …

Kom for å bake – eller kom for å smake !!

Kva likar du best? Bake eller smake ??  Tysdag 5. desember kan du både bake og smake, eller berre smake !  På Jøsneset grendahus – sjå berre her: Først baking frå kl 18.00 :  Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor deig av din ønska kakesort – (gjerne òg sorter som ikkje treng steiking i ovn) – og kom …

Vakkert nordlys over solbygda

Av og til handlar det om å vere på rett stad til rett tid.  Laurdag kveld 25.nov  ca kl 19.30 flamma nordlyset opp over bygda vår, mot himmelen i nord – og nett då var Hanne Tjeltveit ute, på veg heim – og fekk knipsa dette flotte stemningsbildet.Blinkskot, Hanne Tjeltveit ! Har du foto av …

Velkommen til juletretenning

Søndag 3. desember klokka 18 blir det lys på juletreet i Skiftukrossen, og nissar i alle aldrar er velkommne! Etter sang og gang rundt juletreet venter gløgg, pepparkaker og graut på Grendahuset .

Strikkekveld – Onsdag 29. nov kl 19.00

Strikkekveld onsdag 29.11 kl 19.00 – Jøsneset Grendahus. Det blir litt julesteming og i tillegg ei lita overrasking til ein av dei som kjem Arr: Jøsneset Helselag

Julekakebaking med smaking !

Kva likar du best? Bake eller smake ??  Tysdag 5. desember kan du gjere begge deler på Jøsneset grendahus – sjå berre her: Først baking frå kl 18.00 :  Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor deig av din ønska kakesort – (gjerne òg sorter som ikkje treng steiking i ovn) – og kom heim med x antall …