Siste nytt

Melding frå Norled

Norled opplysar om at det vil være «operasjonelle utfordringar» i tida framover grunna mannskapsmangel. Les meir: https://dm.norled.no/m/zgGYW

Rask "10-minutters"-julefest

Takk for laget – og velkommen på «restefest»

Det blei tidenes raskaste julefest på MF Hydra idag……….gløgg, julekaker, rosiner, mandler, kaffe, klementiner, lussekatter……alt kom på bordet i ein rasande fart – og ein halv kopp gjekk akkurat på 10 min før anløp Hjelmeland. Velkommen på «restefest» på MF Nesvik 15.40 – avgang Hjelmeland idag 17.des ! «Pendlarforeninga» nytta stunda både til å oppsummere …

10-minutters-julefest 07.40 – 07.50

ONSDAG 17. DESEMBER : Pendlarane på 07.40-avgangen frå Nesvik inviterar både reisande og ferjemannskap på 10-minutters-julefest i den julepynta salongen. Det blir servering av julesmakar i fleire variantar ! Alle bilistar: vennligst trø ned i salongen 🙂 Og me minnar om kåringa av beste julesalong: MF HYDRA eller MF NESVIK ???Legg inn din stemme på …

Bli med på felles nyttårsfest

Me inviterer til nyttårsfeiring på Grendahuset igjen! Det blir eit flott festbord der alle bidreg med sin favoritt nyttårsrett, litt underhaldning og god stemning. Vil du bli med – send ei melding til Silje på nr 95062607 eller Odd på nr 97705273 seinast mandag 22. desember

Bli med på kåringa av vår finaste pynta juleferje : Mf Hydra ? eller MF Nesvik ?

Finaste juleferje ? Bli med på kåring

Det er ei vennskapleg og hyggeleg kniving på gang mellom mannskapet på våre to flotte ferjer: å skape den koselegaste julestemning ! MF Hydra i aksjon – skal treet stå her eller der ? …..og nå må Nissen ut av skapet ! Lenge såg det ut til at det berre var MF Nesvik som tenkte …

Glade bakerar med kveldens produkter - fem sortar til fordeling

Fem julekakesortar i boks !

Tradisjonen tru er det julekakebaking med etterfølgjande julekakesmaking på Grendahuset i starten på desember – så òg i år.5 bakerar på plass, 5 ulike deigar, 3 ovnar, 6 brett hit og dit ! Men nå begynner me å bli drevne, så logistikken fungerte ganske så bra i år. To minutt på halv åtte var alle …

Velkommen til adventstreff på bedehuset

Adventstreff med kveldsmat

Bedehuset Torsdag 11. desember kl 18.00Velkommen til eit uformelt treff i adventstida Kort oppsummering av årets vedlikehaldBerit les AjaxKveldsmat og Drøs Treng du skyss? Ta kontakt så kan vi bringe og hente, ring 928 50 297 for avtale. Helsing Bedehusstyret (Arrangementet er gratis)

Velkommen til alle bake-og smakeglade

Nå er det jul igjen…..

Velkommen til store og små

Ny spelekveld

Velkommen i Trivselstova tysdag 9. desember kl 19.30

Strikkekveld på onsdag – med smak av jul

Onsdag 26. november kl 19-21 er det duka for årets siste strikkekveld. Alle er velkomne til Trivselsstova, både med og utan strikketøy. Sidan det nærmar seg advent blir det servert gløgg, pepperkaker og mandariner. Velkommen! Kontaktperson: Ellen Mari (92 46 36 75)

Kurs i kunstig intelligens og ChatGPT

Invitasjon: Hjelmeland handels- og serviceforening setter opp kurs i kunstig intelligens og ChatGPT, åpent for både medlemmer og andre interesserte. Kursholder:Aktiv kunnskap AS v/ Kathrine Jølle Wathne Kursdatoer: Pris: Sted: Hjelmeland (endelig lokale annonseres når vi ser hvor mange som melder seg på)Servering: Enkel servering inkludert Ved spørsmål til kurset kan Lene Tollefsen i XL Bygg kontaktast på …

Styremøte Bygdarådet

Sakliste:– førre møteprotokoll– orienteringssaker– arealplanen– utleigeprisar, – pub– julatretenning– akustikkdemping– eventuelt Onsdag 19. novemberMeld frå til Oddvar Skiftun 419 15 215 om du har saker du ønskjer Bygdarådet skal ta opp

«Ny» inngong til gymsal og treningsrom

Endeleg er universelt utforma inngong på plass! Heile inngangspartiet har blitt totalrenovert, med breie dører, låge tersklar, HC-toalett og automatisk dør. Den midlertidige ordninga med nøkkelboks er no erstatta av kodelås på den nye døra. Denne koden er den same som medlemmer har fått for tilgong til nøkkelboks. Ved inntasting av 4-sifra kode opner døra …

Info om interessegruppe «Redd Jøsneset»

«Redd Jøsneset» er ein interesseorganisasjon som arbeider for å stansa eit steinbrudd i vakre Knutsvikheia. Og for å ivareta natur-, landbruks- og bokvaliteter, samt jakt, fiske og friluftsliv i områda på og ved Jøsneset. «Redd Jøsneset» har organisert seg i Brønnøysundregisteret og er blitt ei gruppe med medlemmer som består både av fastbuande og hyttefolk. …

«Spis med oss» seniorlunsj 12. november

Jøsneset helselag inviterer seniorer på Jøsneset til lunsj på Grendahuset onsdag 12. november klokka 12. Ergoterapeut Solfrid Skjerahaug Natland kjem og vil fortelje om jobben sin i Hjelmeland kommune og gje råd for tilrettelegging i heimen for å kunne bu heime lengst mogleg. Påmelding innan søndag 9. november til Berit på mobil 97112474.Medlemmer gratis. Ikkje …