Strålande vintervær og lengre dagar gir gode muligheiter for flotte ettermiddagsturar – som her over Nesvikheia denne veka . Her er det fin og godt merka løype mellom Nesvik og skogsvegen på Foss, så dette er ein yppereleg rundtur med flott utsikt over heile bygda og heile Ombofjorden. Om ein startar frå Nesvik, så kan …
Velkommen til alle i bygda til årsmøtet. Her finn du INNKALLING MED SAKLISTE , ÅRSMELDING2017 og SKRIV FRÅ BEDEHUSTYRET
Jøsneset Bygdaråd har følgjande melding: Dessverre har vi hatt besøk av «ubudne» gjester på skulen. Det er putta tynne trepinnar inn i dørlåsane inn til Trivselstova og gym.salen. Låsen til Trivselstova har ein nå greidd å fikse, men den inn til gym.salen er øydelagt. Den må kjøpast ny, noko som vil koste opp mot 2000 …
Det nærmar seg årsmøtetid. Jøsneset Helselag treng nå to nye styremedlem. Dei siste åra har det vore relativt utfordrande å rekruttere nye. Har du lyst å bidra til til frivillig folkehelsearbeid og kjekke bidrag for bygda? Ja, då er det veldig bra, for då kan du bli med å vidarføre drifta av dette tradisjonsrike, frivillige laget – Ta …
Nye, fine behaldarar for restavfall og hageavfall er på plass ved gravplassen – og desse ser solide ut, så la oss håpe at ikkje vinden fyk avgårde med de nå 😉 Foto: Ellen Mari Fosså
Som siste av 9 turpostar, er òg turboka på Røssenibben nå bytta ut med ny 2018-bok. Det betyr at alle turbøkene 2017 klar for premiering på Jøsneset Helselag sitt årsmøte den 28.februar. Det er flotte snøforhold i heia nå – og vel verdt å ta turen på ski til Røssenibben, sjølv om det er litt bratt …
Årsmøtet for Bygdarådet blir måndag 5. mars. Eventuelle saker som nokon ønskjer skal bli tatt opp, må leverast Unni Fossaa eller Rasin Tjeltveit innan 09.02.18. Sakliste blir offentleggjort etter dette.
Bygdarådet jobbar på for å omvandle den eine skulestova på gamleskulen til eit koseleg møtelokale; primært med bøker og brettspel som hovudattraksjonen. Marit Wyller melder at den offisielle opninga av dette rommet blir Palmesøndag – kombinert med den store Vaffeldagen, så følg med for meir oppslag om dette. Men inntil vidare: rommet vil vere ope for …
Innsamlinga av 2017-turbøker går sin gang, og like sikkert alltid: Inge Torkel Skiftun var på Gunlanuten og bytta boka der – i år som så mange andre år! Takk til Inge som tok turen på bakglatte ski, tung laussnø og kaldt vintervær. Gunlanuten er eit populært turmål, og Jøsnesets høgaste topp på 829 moh. Og …
Då er turboka 17 for Valafjellet tatt ned, og ny 2018 bok er klar. Kun 58 stk hadde skrive seg inn i boka her ila 2017, og derav var ca halvparten deltakarar på 3-nutstuen……..altså ca halvparten gjekk glipp av den fantastiske utsikta herfra, for under 3-nutsturen 4juni2017 var heile heia dekka av tjukk tåke. Valafjellet …
På tide å løpe DAME av huse igjen, for nå startar DAMEKVELDANE opp att i Triveselstova. Første treff blir onsdag 31.januar kl 19.30 i Trivselstova, Ja, og deretter kvar siste onsdagskveld i månaden ! Dette er eit uformelt treff på tvers av interesser og generasjonar. Litt drøs over kaffekoppane og ta gjerne med heklet !
Sigurd Opedal påtok seg jobben å gå opp til NordaHøgaste og bytte ut boka fredag 12.jan. Ein flott kald dag med lågt skydekke nedi fjorden, men klar himmel her oppe ! 193 stk hadde skrive seg inn i 2017-boka. Dette er ein tung motbakketur, men….WOW….her oppe på toppen av Herefjellet er det fabelagtig utsikt !! …
Denne fine Norrønna-jakken låg i ballbingen ei god stund – før Unni fant den og tok den med heim og vaska den. Er den din?? Ta kontakt med Unni på 403 94 743
Nytt år er lik nye ferjeruter – i alle fall på Tau/Stavanger-sambandet. Jøsnessida har nå fått OPPDATERTE SMARTE FERJERUTER 2018 tilsendt frå Christian Fredrik Wyller. Som kjent, så var det han som utarbeidde desse i fjor: her har han altså samanstilt rutene på Nesvik-Hjelmeland og Tau-Stavanger, og lagt inn 40 kjøretid mellom Hjelmeland-Tau pluss ankomst Stavanger. …
Då er det på an igjen med trening !! Nytt år – nye muligheter !! KVAR TORSDAG 19.30 GYMSALEN. Oppvarming, styrketrening, kondistrening og god uttøying !! Her er plass for alle, anten ein har trent før eller ikkje. Det går an å gjere øvingane i eige tempo og intensitet ! Nye deltakarar er hjarteleg …
TAUSANIBBÅ – Turkasseboka blei bytta ut 2.jan i fullmåneskin. Litt snø på toppen, men ellers fint å gå. I 2017 var det 413 personar som har skrive seg inn i boka. Det var ein finfin auke frå 2016; då var det 158 stk. Dette heng nok saman med at i 2017 var Tausanibbå ein av …
Er du glad i å lese bøker – og syns det er kjekt å diskutere bøkene i lag med andre ? Då er LESESIRKELEN noko for deg !! Me er ein gjeng på 6-7 stk som møtes jamnleg kvar første onsdagskveld i mnd i Trivselstova og diskuterer månadens utvalde bok. Ja, og utvalet i bøker …
Då er det klart for nytt turår på Jøsneset. Turbøkene på dei 4 turpostane i låglandet er nå bytta ut med nye uskrevne bøker, og resten av bøkene i høgare strok blir bytta ut etterkvart BRYNÅ er ein koseleg turpost i låglandet; stien går opp anten frå Austad, frå Asheim eller frå hyttefeltet i Knutsvik. …
LYSSTØYPING I KVELD -SØNDAG 10.des – I GYMSALEN KL 20