Er du glad i å lese bøker ?

Er du glad i å lese bøker – og syns det er kjekt å diskutere bøkene i lag med andre ? Då er LESESIRKELEN noko for deg !! Me er ein gjeng på 6-7 stk som møtes jamnleg kvar første onsdagskveld i mnd i Trivselstova og diskuterer månadens utvalde bok.  Ja, og utvalet i bøker varierer stort både i sjanger, tidsepoker og innhald – Det er opp til dei som møter opp for kvar gong å bli enige om ein ny bok som skal lesast til neste treff – altså ein mnd seinare.  Dette er ein finfin måte å få lest ein del bøker på, som du kanskje ellers ikkje hadde kome til å lest? Og så er det gøy å diskutere innhald, form og forfattar med andre. 
Veldig kjekt om fleire har lyst å bli med !! Neste treff er onsdag 3. januar kl 19.30, så då er det bare å møte opp i TRIVSELSTOVA…………….kanskje du til og med har forslag til neste bok !?

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.