Scenetilbygget til Jøsneset skule er igjen ute på anbod. Det har meldt seg interesserte til grunnarbeid og elektroarbeid, men framleis manglar det tømmermenn !! Men det jobbast med saken, og ein håpar etterkvart å få tak i eit firma som vil påta seg jobben. Ettersom alt anna er "i boks" ville det vere synd om …
Siste torsdag i oktober mnd er det igjen duka for damekveld. Denne gongen skal vi møtast ved Mikal's laks kl. 20.00. Sjå www.kingmikal.no Astrid Viga vil ha omvisning for oss på fabrikken, og deretter vil vi ta kaffi-drøsen der. Sidan ho åpnar ekstra for oss om kvelden så håper vi så mange som kan møter …
Eldretreffen skal vere litt kulturelle i haust og reiser til Hjelmeland på Edvard Hoem den 29.10.08. Den byrjar kl. 19, men før det skal dei få omvisning på Axel Hansson med god fiskesuppe etterpå, laga av kokken Roy som jobbar der. Til våren er det planar om ein tur til Trodla-Tysdal.
Det skjer litt av kvart av kulturarrangement i vårt nærmiljø, både her i Hjelmeland og i nabokommunane. Her er nokre tips til korleis kan du skaffe deg oversikt over det som skjer !! – Følg med på plakatstativa på Nesvik ferjekai og Skiftun-krossen. Svært mykje blir slått opp der. – Følg med her på www.josneset.no …
Styret i helselaget har hatt møte og samla saman kor mange som syns det høyrtes interessant ut med tur til julebyen i Eigersund. Det var berre 6 stk som hadde meldt sin interesse for dette. Det er for lite og det blir difor ikkje tur dit. Derimot kjem vi nok til å få til noko …
Tysdag 04.11.08 kl. 19.00 på Betel. Dette er verdt å få med seg! Paal-André Grinderud fortalte åpent i et tv-program i 1989 om sin tøffe oppvekst, med en far som døde tidlig og en mor som var alkoholiker. Han har mottatt flere priser for sin åpenhet og innsats rundt omsorgssvikt. Tittelen på hans første …
Jøsnesbuen Joar Rosså deltok i helga i NM i saueklipping i Bjerkreim – og gjorde der ein bra debut i meisterskapssamanheng. Joar kom vidare til finalen i sin klasse, Maskinklipping Junior, og fekk til slutt ein fin 6.plass! Joar klipte 3 lam i finalerunden, og det på tida 7 min og 1 sek ! Han …
Søndag 21.9 var det innsamlingsaksjon på Jøsneset. Bøssebærarar frå helselaget var ute mykje av søndagen. Resultatet var kjempebra! Det vart i år samla inn kr. 3.770,- og beløpet gjekk i sin heilhet til årets aksjon. For meir informasjon kan de sjå her.
Hausten er over oss med vakre fargar og flott vær – og det er jaktsesong både på elg, hjort, rådyr og småvilt. Hjort: det mest populære på Jøsneset ser ut til å vere jakt på hjort. I fjor blei det tildelt løyve på 50 hjortedyr , og heile 45 blei felt her på Jøsneset; ein …
Helselaga i kommunen har delt på å organisere helsebading i svømmehallen på Hjelmeland i ei årrekkje. I år er det Fister sanitetsforening sin tur. Dei har no fått til at helsebadinga skal vere kvar måndag frå oktober til mai. Prisen er kr. 20 for vaksne og kr 10 for barn. Fyrste gong blir 13 oktober. …
Kommunen lyser nok ein gong scenetilbygget til Jøsneset skule ut på anbud !! Anbudskonkurransen gjeld bygging av scene og lager til gymsalen; eit tilbygg på 76 m2. Oppdraget omfattar grunnarbeid m/sprenging, tømmer- og elektroarbeid. Interesserte kan ta kontakt med teknisk leiar Jorolv Rivedal, 51 75 70 51 innan 1.okt Så nå folkens : kjenner du …
På grunn av arbeid på ferjelemmen på Nesvik, vil altså biltrafikken bli leda via Jelsa frå og med tirsdag 23.09 til og med torsdag 25 september. Her er ruteplanen for den perioden: Jelsa Skipavik Til Hjelmeland 07.10 07.50 08.05 09.20 10.10 10.25 11.40 12.30 12.45 14.00 14.50 15.05 16.30 17.20 17.35 19.00 — 20.05 …
Dei falma merka langs turstien frå Bastli til Røssenibben er nå friska opp att med ny raudmaling, og stien er nå godt merka igjen ! Med eitt lite unntak: like før toppen tok malinga slutt, og siste biten på denne trasèen er difor ikkje oppfriska. Her er likevel merka både med maling og nødlingar, så …
Me viser til tidlegare informasjon om at ferjesambandet Nesvik-Hjelmeland blir stengt frå tirsd 23 kl 06.00 til fredag 26.09 kl 05.30. Biltrafikken blir i perioden leda via Jelsa. Vegvesenet opplyste først at passasjertrafikken skulle løysast med hurtigbåt morgon og kveld. Etter påtrykk frå kommunen har dei nå revurdert dette, og Vegvesenet melder nå at hurtigbåten …
Det har nå kome eit skriv angåande stenging av ferjekaien på Nesvik. Sjå dokumentet her.
Det var eit kjempebra vær på årets Frukt- og laksefest i Vågen på Hjelmeland. Standen til Jøsneset synte godt att og hadde fått ei fin plassering nede på kaien, og fekk masse besøk frå folk frå land og strand. Den godslege kjendiskokken Frode Aga stakk òg innom Jøsnes-standen for ein liten mat-prat. Han var som …
Som kjendt har MIXn Nauste på Nesvik jobba seg til Middelhavscruise – vel fortent forøvrig – og dette får nokre små konskvensar på heimebane. Me har fått følgjande melding frå Cesilie Waaland på MIXn: " BEKLAGER. Vi stenger nå på fredag 05.09, mandag 08.09 og tirsdag 09.09. Åpent lørdag 06.09 kl 10.00- 19.00 og søndag …
Frukt- og laksefest-arrangøren melder at ….. ….DET BLIR SETT OPP EKSTRA BÅTSKYSS FRÅ SANDE kl 01.30 TIL NESVIK !! Dette er altså etter konsert med Sinclairs and the Rovers kl 19.oo og påfølgjande danseaften med DI DERRE i Hjelmelandshallen !! Bilettsal hjå Hydro Texaco Sand – Hjelmeland Sparebank – Enkel butikken – Statoil Tau …
Pga diverse "møte-kollisjonar" både blandt arrangørane og deltakarane blir første planlagde volleyballtrening tirsd 02.09 utsett !!! Me satsar derimot friskt på neste tirsdag den 09.09, kl 19.30-21.00. Så møt opp då i staden. Meir info om opplegget følgjer etterkvart.
Kvar tysdag kl. 20.00 er det gågruppe som helselaget i si tid starta, denne rullar og går vidare, og det er plass til mange fleire. Oppmøte ved brannstasjonen i Skiftunkrossen, og turen er på ca 1 time. Møt opp da vel, og ta trimmen i lag med andre. Går mykje fortare når ein har nokon …