Oversikt kulturarrangement

Det skjer litt av kvart av kulturarrangement i vårt nærmiljø, både her i Hjelmeland og i nabokommunane.

Her er nokre tips til  korleis kan du skaffe deg oversikt over det som skjer !!

– Følg med på plakatstativa på Nesvik ferjekai og Skiftun-krossen. Svært mykje blir slått opp der.

– Følg med her på www.josneset.no ; men obs obs: det er for det meste lokale Jøsnesarrangement som blir kunngjort her, men òg sporadisk andre ting

– Følg med i papir- og nettutgåvene av lokalavisene Bygdaposten , Suldalsposten og Strandbuen

– Følg med på den felles kultursida for 7 Ryfylkekommunar: Kulturhaust i Ryfylke. Her er det god oversikt over kva som skjer i alle våre nabokommunar. Denne informasjonen finn du òg i papirfaldaren som blei delt ut i alle postkassar.

– Følg med på dei enkelte kommunane sine nettsider.
  T.d.så finn du kinoversikten her: Hjelmeland kino , Suldal kino og Strand kino

– Følg med på nettsida til Suldal kulturhus .

Og elles er vegen overkommeleg til Stavanger òg – der det bugnar av tilbod: sjekk til dømes:  Stavanger2008 , Stavanger kino , Rogaland Teater , Stavanger konserthus , Tou scene, Stavanger kommune   osv osv.

Gjett om me kan kosa oss – om me berre vil ! 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.